Hopp til innhald

Fagstoff

Eigenverdien til naturen

At naturen har eigenverdi, vil seie at han har ein verdi i seg sjølv, uavhengig av kor nyttig eller unyttig han måtte vere for oss menneske.
Nærbilete av ei hand som held opp ein liten, gul salamander mellom tommel og peikefinger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva betyr «eigenverdien til naturen»?

Eigenverdien til naturen betyr at organismane har ein verdi i seg sjølv, berre ved å eksistere. Dei er eit resultat av tilpassing og utvikling over tid (evolusjon), og dei er ein del av eit innfløkt samspel med dei biotiske og abiotiske faktorane. Uavhengig av kor nyttig ein organisme er i eit økosystem eller i ein økonomisk samanheng, har organismane ein verdi i seg sjølv. Dette synet inneber at alle livsformer har rett til å eksistere, og at vi menneske ikkje har rett til å utrydde artar.

Å erkjenne naturens egenverdi innebærer en aksept av at naturen innehar ideelle rettigheter, dvs. et vern mot krenkelser, herunder at andre livsformer, uavhengig av om de er til nytte for menneskene har en selvsagt rett til å eksistere. I dette ligger det også eit element av respekt for samspillet i naturen, et samspill der de biotiske og abiotiske elementene sammen utgjør den komplekse og «finmaskede» veven som naturen består i.
Biomangfaldutvalet (2004)

Mennesket og naturen opp gjennom historia

Mennesket sitt syn på naturen har endra seg med tida. Filosofi, religion og naturvitskap har i ulik grad sett sitt preg på dette synet.

Antikken – mennesket over naturen

Portrett av René Descartes, med stor kvit snipp, lange mørke krøllar, smal bart og eit lite, smalt skjegg under leppa. Illustrasjon.

I antikken (om lag år 1000 fvt.–500 evt.) var det i vestleg kultur vanleg å sjå på mennesket som overordna naturen og å meine at naturen og andre artar var å rekne som instrument for å dekkje menneskelege behov. Naturen var til glede og nytte for mennesket, som var i sentrum. Filosofen Descartes var blant dei som argumentere sterkast for eit tydeleg skilje mellom menneske og dyr.

Portrett av Charles Darwin, ein dresskledd herre med langt, grått heilskjegg, bustete grå augebryn, kort grått hår og blank isse. Foto.

Darwinismen – mennesket som del av mangfaldet

Med Darwins teoriar om evolusjon frå 1850-talet skjønte ein at alle organismar er utvikla frå eit felles opphav, og at alle organismar er i slekt. Mennesket stod ikkje lenger i ei særstilling, skapt i Guds bilete og sett til å forvalte jorda, det var berre ein del av historia om det biologiske mangfaldet.

Biosentrisme – alle skapningar like mykje verde

Allereie på 1800-talet dukka omgrepet biosentrisme opp: Alle levande skapningar er like mykje verde, uavhengig av verdien dei har for oss menneske. Ein bendelorm har dermed like stor rett til å eksistere som ein panda, eit menneske eller ein hestehov. Det motsette er eit syn som set oss menneske og behova våre i sentrum: antroposentrisme.

Dypøkologi – naturen har ein verdi i seg sjølv

Portrett av Arne Næss, ein gammal mann med kort kvitt hår, som støttar ansiktet mot knyttneven. Svart-kvitt-foto.

Den norske filosofen Arne Næss' dypøkologi er ein type livssyn der den ibuande verdien til naturen står sentralt. Dypøkologien argumenterer for å ta vare på naturen for dens eiga skuld. Dette synet finn vi att i Konvensjonen om biologisk mangfald, ein avtale som pålegg land å ta vare på naturmangfaldet i verda.

Konvensjonen om biologisk mangfald

Natursyn i dagens samfunn

Mange vil hevde at det er det antroposentriske synet på natur som er det vanlegaste i samfunnet vårt i dag. Så lenge naturen er nyttig for oss, er det lett å vere einig i at vi skal ta vare på han. Det er verre å argumentere for naturvern når naturen «står der til inga nytte», eller når ho er til ulempe for oss.

Relatert innhald

Kjelder

Bjærke, M.R. (2018, 15. mars). Hvor ble det av naturens egenverdi? Morgenbladet. https://www.morgenbladet.no/ideer/essay/2018/03/15/hvor-ble-det-av-naturens-egenverdi/

FN. (2020, 22. desember). Konvensjonen om biologisk mangfold. Henta frå https://www.fn.no/om-fn/avtaler/miljoe-og-klima/konvensjon-om-biologisk-mangfold

NOU 2004: 28. (2004). Lov om bevaring av natur, landskap og biologisk mangfold – (naturmangfaldslova). Klima- og miljøverndepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2004-28/id388846/

CC BY-SASkrive av Åse-Torill Knarlag og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2021

Læringsressursar

Eigenverdien til naturen