Møbelsnikkar
Som møbelsnikkar jobbar du med skapande arbeidsprosessar. Du designar, teiknar og konstruerer, både for hand og ved hjelp av dataverktøy. Gjennom praktisk arbeid lærer du å bruke materiale, verktøy og maskiner og utviklar ferdigheiter i tradisjonelle og nyare handverksteknikkar. Kundane kan vere alt frå privatpersonar til offentlege verksemder. Møbelsnikkarar samarbeider ofte med møbeltapetserarar.
Ein møbelsnikkar bør vere kreativ og ha praktisk og estetisk sans. Du må like å skape med hendene, og dessutan å teikne og konstruere produkt. Det er viktig å både kunne jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Utdanninga for å bli møbelsnikkar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i ei møbelsnikkarbedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Etterpå vel du Vg2 trearbeid. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er møbelsnikkar.
Ekteparet Thilde og Ole Rosén-Lystrup driv firmaet Drivved AS i Høvik i Bærum. Dei har spesialisert seg på å lage møblar av gamle materiale. I filmen nedanfor følgjer vi Ole både på jakt etter treverk, og vi ser korleis han løyser ei bestilling på eit bord med plate av gjenbrukte materiale.
Ole Rosén-Lystrup har vorte kjend gjennom arbeidet sitt i TV-serien Eventyrlig oppussing.