Hopp til innhald

Fagstoff

Bøkkar

Ein bøkkar er ein handverkar som lagar og reparerer tønner og fat av breie trestavar. Trestavane blir haldne saman av utvendige band av tre eller metall. Teknikken eller handverket kallast bøkring.
Ein bøkkar jobbar på ei tønne. Verktøy og arbeidsbenk i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innan vin- og brennevinsproduksjonen er det behov for å reparere og produsere tønner eller fat laga av tre. Tønneproduksjonen skjer med noko maskinell framstilling for å rasjonalisere arbeidet, men ein bøkkar arbeider mykje for hand.

Bøkkar lagar trestav i ein bøkkarverkstad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eigenskapar

Bøkkaren må ha god materialkunnskap i tre, sørgje for riktig tørking av materiale og velje dimensjonar ut frå volumet tønnene skal ha. Prosessen med å lage ei tønne er å forme stavar og botnar i ein stavkrakk, tønna blir reist og varma, tønna blir driven, stavane blir jamna, kryss blir høvla, botn blir sett i og band blir sette på plass.

To bilete. Den eine viser ei halvferdig tønne ovanfrå, det andre viser ein bøkkar som set band på plass med hammar. Foto.

For standardproduksjon blir det brukt faste mål, men bøkkaren må òg kunne berekne storleik på produktdelar ut frå eit bestemt volum og derfrå konstruere og teikne produkt.

Tre bilete. Arbeidsteikning og mal for kurva i stavane til ei tønne. Bruk av mal på ein stav. Forminga av ein stav til ei tønne. Foto.

Utdanning

Utdanninga for å bli bøkkar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling eller Vg1 teknologi- og industrifag eller vg1 bygg- og anleggsteknikk. Det andre året vel du Vg2 trearbeid. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er bøkkar.

To bilete. På det eine høvlar ein bøkkar på ei tønne, og på det andre held han opp den ferdige tønna og smiler. Foto.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2021

Læringsressursar

Trehandverk