Hopp til innhald
Fagartikkel

Naturleg åtferd for storfe

For å sikre god velferd for storfe må dyra ha nok tid og rom til å utføre naturleg åtferd. Det vil seie at dei treng nok plass, lys, luft og vatn i tillegg til nok fôr med rett innhald av næringsstoff. Som storfebonde må du kjenne til åtferda til dyra og følge krava næringa har til dyrevelferd.

Naturleg åtferd

Storfe er flokkdyr som helst vil gjere dei same tinga samtidig. Dei vil kvile samtidig, og dei vil helst òg ete samtidig. I denne artikkelen vil vi gå gjennom kva som er normal åtferd for storfe i ulike situasjonar, og korleis du kan legge til rette for at dyra dine kan utøve mest mogleg normal åtferd både i fjøs og på beite.

Sosiale grupper

Storfe kan kjenne igjen 50–70 andre dyr, og viss du har ei stor besetning, vil dei ofte dele seg i mindre grupper. Dette vil du kunne observere viss du ser ein stor kuflokk ute på beite.

Rangorden

I eit fjøs vil det ofte vere litt trongt, noko som kan føre til meir aggresjon mellom dyra. Dyra som er størst og har mest erfaring, vil som regel vere øvst på rangstigen, men ei ung ku som er motivert for å kjempe om tilgang til det beste fôret, kan òg bli ein leiar i flokken. Og ein okse vil som regel ha høgare rang enn ei ku på same alder.

For å sikre god velferd òg for dei svakaste dyra i flokken er det viktig å ha plassar der dei kan skjerme seg, for å unngå konfrontasjonar. Derfor blir det stilt krav til breidde på gangareal i fjøset og nok ete- og liggeplassar til dyra.

Visste du at ...

Storfe som har horn, har eit naturleg "overtak" på kolla dyr, og at dei òg har ein lågare terskel for å angripe? Dette er ein av grunnane til at vi ofte vel å avhorne kalvar som er fødde med hornanlegg.

Flytting

Viss du har prøvd å jage ein flokk med storfe framfor deg, har du sikkert lagt merke til at dei helst vel å gå på rekke. Dette skyldast nok at dei har dårleg djupnesyn og er redde for det ukjende. For at dyra skal kjenne seg trygge når du skal flytte dei, bør du sjekke drivgonger og gangareal i forkant og fjerne hinder som kan skremme dei.

Dagaktive

Storfe bruker mykje av døgnet til fôropptak, og storfe på beite er mest aktive tidleg på morgonen og når det går mot kveld.

Drøvtygging

Dyra treng lang tid på å fordøye det grove fôret, så når dei kviler etter beiting, vil dei bruke mykje tid på å tygge drøv.

Kommunikasjon

Kroppsspråket er den viktigaste kommunikasjonsforma i ein storfeflokk. Når du skal jobbe med storfe, må du kjenne til signala dyra bruker i ulike situasjonar.

Mosjon og beite

Norske kyr og ungdyr skal ha minst åtte veker "sommarferie", det vil seie at dei skal vere ute og kunne beite og bevege seg fritt i denne perioden. Viss dyra står i båsfjøs, skal dei kunne vere ute i minst 16 veker. Unntaket er viss du ikkje har høve til å ha dei ute ein så lang periode på grunn av vêr og andre naturgitte forhold. Då kan beitetida reduserast med inntil fire veker. Dyr som er oppstalla i båsfjøs, skal òg ha regelmessig mosjon og fri rørsle gjennom vinteren.

Visste du at ...

Reglane om mosjon og beite ikkje gjeld for ukastrerte oksar som er eldre enn seks månader? Kvifor er det sånn, trur du?

Reise- og leggerørsle

Storfe har behov for god plass når dei skal reise seg eller legge seg ned. Dei må til dømes ha plass til å strekke hovudet fram for å komme seg opp i kneståande. Derfor er det viktig at liggebåsane i fjøset både er lange nok og breie nok. Viss dei ikkje har nok plass, vil dei grue seg til å legge seg ned, og dei kan få sår og skrammer som følge av at båsen er for trong eller for kort.

Krav til liggeplass

I tabellen under kan du sjå at det er ulike krav til liggebåsen etter storleiken på dyra, og det må du ta omsyn til viss du skal bygge om fjøset eller vurderer å setje inn kjøttfe i eit fjøs som er bygd for mindre rasar.

Det blir òg stilt krav til at liggebåsen skal vere mjuk og god å ligge på. For å teste om han er mjuk nok, kan du stå oppreist og sleppe deg rett ned på kne. Viss det kjennest hardt og ukomfortabelt når du landar, er det eit teikn på at liggebåsen er for hard.

Viss liggeplassen til dyra består av djupstrø eller talle, er det eit generelt krav om minst 1 m2 per 100 kg levandevekt.

Tilrådde mål i meter for liggebås til storfe av ulike vektklassar (Kjelde: Hus for storfe)

Høgaste vekt

450 kg

550 kg

650 kg

750 kg

Båsbreidde1,051,21,251,25
Lengde mot vegg 2,42,62,72,8
Lengde med open front2,22,42,52,6
Nakkebom, høgde med brystplanke1,11,1151,21,25
Nakkebom, høgde utan brystplanke1,051,11,151,2
Brystplanke, avstand frå bakkant av båsen1,65–1,71,8–1,851,85–1,91,9–2,0

Ku og kalv

Normalt vil kua forlate flokken før kalving og finne ein trygg og skjerma plass for kalven. Kua sleiker kalven og har som regel stor omsorg for han, og det blir danna sterke band mellom ku og kalv. Storfe er trykkarar, det betyr at kalven ligg i ro på ein plass dei første dagane mens kua går for å beite og treffe resten av flokken. Etter nokre dagar vil kalven følge med mora, og i løpet av dei første vekene vil kalvane opprette si eiga sosiale gruppe og berre oppsøke mora når dei skal die.

Diing og amming

Kalvane vil die mange gonger i døgnet når dei går saman med mora, gjerne ti gonger eller meir. Kalvar i mjølkeproduksjon blir som regel tekne frå mora kort tid etter fødsel, og då må dei fôrast med flaske eller bøtte.

Visste du at ...

Det er krav om minst éin kalvingsbinge i alle kufjøs. Har du meir enn 25 kyr, må du ha fleire kalvingsbingar.

Kroppspleie

Kroppsstell er ein viktig del av den daglege åtferda til dyra, anten ved at dei klør seg med ein bakfot eller sleiker seg. Dei liker òg å skubbe seg mot innreiinga eller mot eit tre viss det klør. I fjøs der det er tilgang på børstar, ser vi at desse er flittig brukte av både vaksne dyr og kalvar.

Kroppspleie er viktig for å fjerne plagsame insekt og parasittar og for at dyra skal halde seg reine. Viss du ikkje har ein mekanisk børste i fjøset, bør du sørge for å børste og strigle dyra dine med jamne mellomrom for å hjelpe dei med dette.

Kjelder

Animalia. (2021, september). Veileder for besøket i dyrevelferdsprogrammet for storfe (Versjon 1.0). https://www.animalia.no/globalassets/storfe-bilder-og-dokumenter/veileder_besoket_dvpstorfe_versjon1_sept2021.pdf

Forskrift om hold av storfe. (2004). Forskrift om hold av storfe (FOR-2004-04-22-665). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2004-04-22-665

Grøndahl, A.M. m.fl. (2011). Velferd hos storfe. Norsk veterinærtidsskrift, 09/2011.

Helsetjenesten for storfe. (2007). Dyrevelferd hos storfe. Studiehefte.

Ruud, L.E. m.fl. (2023). Hus for storfe – Norske anbefalinger. Flisa trykkeri AS.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2024