Storfeets sansar
Storfe har eit synsfelt på 330o. Det vil seie at det er ei blindsone rett bak dyret, så du bør alltid nærme deg frå sida når du kjem inn bakfrå mot ei ku. Storfe har fargesyn, men djupnesynet er dårleg. Derfor blir dei usikre og stoppar gjerne opp når dei møter hindringar dei ikkje kjenner, som til dømes ei gjødselrist eller ei gummimatte.
Høyrselen er god hos storfe, og dei kan høyre lydar med høgare frekvensar enn det menneske klarer. Men dei er dårlege til å finne ut kvar lyden kjem frå, derfor blir dei nervøse og urolege når dei høyrer ein ukjend lyd og ikkje kan sjå kva som lagar lyden.
Storfe har godt utvikla luktesans. Dette er viktig for at dei skal kunne kjenne igjen kalven sin. Dei vil òg vrake fôr som ikkje luktar godt. Lukt er òg viktig i samband med brunst, det kan vi sjå når dei vrenger leppa etter å ha lukta på bakparten til ei ku i brunst. Dette kallar vi flehmen, ei åtferd som blir utløyst av vomeronasalorganet som ligg i naseskilleveggen.
Visste du at ...
Vomeronasalorganet òg blir kalla Jacobsons organ etter mannen som først beskreiv det i 1811, Ludwig Lewin Jacobson?
Evna til å kjenne varme, kulde eller smerte er godt utvikla hos storfe. Men sidan dei er byttedyr, vil dei helst prøve å skjule at dei har vondt, dei vil ikkje vise svakheitsteikn for eventuelle rovdyr.
Smakssansen er òg godt utvikla, og storfe er glade i både surt og søtt. Når dei treng tilskot av salt, sleiker dei gjerne på ein saltsleikestein.