Grunnleggande behov hos storfe
For å kunne vareta dei grunnleggande behova til dyra må du vite kva dei treng for å trivast og ha det bra. For storfe er det spesielt viktig å legge til rette for at dei har god tilgang til:
vatn
fôr av god kvalitet
kvile
tilpassa klima
nok plass
Vatn
Ei ku vil helst drikke 10–15 gonger i døgnet og gjerne rundt 10 liter kvar gong.
Vasspegel
Storfe føretrekker store, opne drikkekar som blir etterfylte raskt. Kapasiteten på eit stort drikkekar til fleire kyr bør vere på minst 20 liter/minutt! Høgda på drikkekara må tilpassast dyra.
Temperatur
Vatnet bør ikkje vere for kaldt, men ha ein temperatur på mellom 12 og 18 gradar. Viss vatnet er for kaldt, vil dyra drikke mindre, og dette vil igjen vere negativt for både helse og yting.
Reinhald
Det er viktig at drikkekar blir haldne reine for å unngå oppblomstring av uønskte mikroorganismar. Sjekk drikkekara kvar dag slik at du får reinska ut lort og fôrrestar.
Skrubb drikkekara med ein vaskekost og skyl dei godt minst to gonger i veka, og oftare ved behov.
Fôr
Storfe er flokkdyr og vil helst gjere dei same tinga samtidig. Derfor er det viktig å ha nok eteplassar i fjøset. Storfe som går ute, vil bruke omtrent åtte timar i døgnet på beiting. Når du har storfe, bør du alltid legge opp til fôring fleire gonger i døgnet sånn at dei har ferskt fôr tilgjengeleg.
Struktur i fôret
Når vi snakkar om struktur i fôret, handlar det om fiber. Storfe må ha ei viss mengde fiberrikt grovfôr for at mikroorganismane i vomma skal trivast og fungere normalt. Derfor skal du ikkje gi for mykje kraftfôr, og du må òg passe på å gi fiberrikt fôr i periodar der dei beiter på næringsrikt gras med lite fiber.
Dei kan òg få problem med fordøyinga viss det blir altfor mykje fiber i fôret, til dømes viss du fôrar berre med halm. Då må du gi fôr med mindre fiber som tilleggsfôr for å halde dyra friske.
Sjå på avføringa
Avføringa seier mykje om korleis du fôrar dyra dine, og det er eit godt hjelpemiddel for å finne ut om du bør justere fôringa. Viss avføringa renn ut av kalven eller kua, er det eit teikn på at ho er sjuk og treng tilsyn av dyrlege!
Kor fast avføringa er, vil alltid variere i takt med fôringa, og viss det er for lite fiber i fôret, blir ho veldig blaut. For mjølkekyr er det passe fiber i fôret når avføringa er litt blaut, ho skal danne ei ruke som ikkje flyt heilt utover.
Viss avføringa er veldig hard, er det for mykje fiber i fôret, men ammekyr og sinkyr skal helst ha litt fast avføring.
Kvile
Storfe kan bruke opp mot 15 timar i døgnet til kvile, det vil seie nesten all tida dei ikkje bruker til å ete. Dei treng lang kviletid for å drøvtygge og fordøye det fiberrike fôret på ein god måte.
Underlag
Når storfe får velje sjølv, vil dei helst ligge på eit mjukt underlag. Derfor er det krav om mjuke liggeplassar med tett golv til kyrne i fjøset. Liggeplassen skal vere tørr, rein og trekkfri. Men du kan framleis halde oksar på spaltegolv, utan liggeplass.
Viss underlaget er for hardt, vil dyra ofte få sår og skadar på bein og klauver, noko som gir dårleg velferd og fare for infeksjonar.
Klima
Dyra skal ha eit klima som er tilpassa både alder og rase. Viss dyra går ute, skal dei ha tilgang til liggeareal under tak med tre tette veggar, og du skal ha høve til å tette den fjerde veggen viss det trengst.
Luft
Ventilasjonssystemet i fjøset skal sikre at lufta blir skifta ut og held god kvalitet. Det skal vere minst mogleg støv i lufta, og fôret skal ikkje innehalde skadelege mikroorganismar eller gassar som kan skade dyra.
Temperatur
Storfe har ein normal kroppstemperatur på omtrent 38 gradar. Vaksne storfe toler kulde betre enn varme, og dei trivst godt både ute og i uisolerte fjøs. Kor kaldt dei kan ha det for å trivast, varierer med alder og rase.
Vi bruker omgrepet nedre kritiske temperatur (NKT) for å seie noko om kor låg temperatur dei ulike dyra toler før dei må bruke ekstra energi for å halde kroppsvarmen på eit stabilt nivå.
Alderen til dyret | NKT |
---|---|
Kalv 0–2 veker | +10 oC |
Kalv 4 veker | 0 oC |
Kalv 3 månader | –10 oC |
Kviger | –20 oC |
Mjølkeku (lågtytande) | –30 oC |
Mjølkeku (høgtytande) | –40 oC |
Lys
I forskrift om hald av storfe står det at storfe skal vere sikra tilgang på dagslys som svarer til utelyset mellom kl. 09 og kl. 17. Det skal òg vere mogelegheit for kunstig belysning, men dyra skal ikkje ha fullt lys på heile døgnet. Du kan ha på eit svakt nattlys i fjøset for å finne fram.
Visste du at ...
Dagslys betyr at det skal vere så lyst i fjøset at du kan lese avisa på fôrbrettet?
Plass
Kor mykje plass dyra treng, er sjølvsagt avhengig av storleik og alder. I Veileder til forskrift om hold av storfe finn du tabellar med rettleiande mål for bingeareal og liggebåsar.
Individavstand
Sjølv om storfe er flokkdyr og trivst best når dei får gjere det same som dei andre dyra i flokken, vil dei ikkje vere for tett på kvarandre. Når dei beiter, vil dei helst ha ein avstand på 4–10 meter til næraste ku, det er dette vi kallar individavstand. Avstanden minkar når dei legg seg ned, då er han berre 2–3 meter.
Liggeplass
Som nemnt over vil storfe helst ha ein mjuk liggeplass. Det er òg viktig at liggeplassen er stor nok til at dyra kan bevege seg naturleg når dei skal reise seg og legge seg.
Sidan storfe er større no enn dei var då mange eldre fjøs vart bygde, ser vi at båsane i gamle fjøs ofte er både for korte og for smale til dei dyra vi har i dag.
Relatert innhald
I denne oppgåva skal du observere og vurdere det fysiske miljøet i fjøset.