Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) – ferdig 2025
Felles programfag saman med:Forvaltning og drift (NA-LGA vg2) – ferdig 2025
Bygger på:Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1)
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Småfe
Småfe er sau og geit. Saueproduksjon finn vi over nesten heile landet, mens det er mest geiter på Vestlandet og i Nordland og Troms. Vi har mange ulike sauerasar i Noreg, men den vanlegaste geiterasen er norsk mjølkegeit. Saueproduksjon gir oss ull og kjøtt. Av geitene får vi mjølk, kjøtt og skinn.
Geitehald
Geiteproduksjonen i Noreg går i hovudsak føre seg frå norsk mjølkegeit, og mesteparten av mjølka går til produksjon av ost. Skinn og ull er andre produkt frå geit. Det er òg noko kjøttproduksjon, men i avgrensa omfang. I tillegg til mjølkegeiter er det ein del ammegeiter av ulike rasar.
Fôring og stell av geiter
Geiter er drøvtyggarar, og vi må passe på at mikroorganismane i vomma får det dei treng for å kunne fungere som dei skal. Surfôr og høy er det viktigaste fôret gjennom vinteren, om sommaren hentar dei fleste geitene fôret sitt på inn- eller utmarksbeite. Dei får òg kraftfôr og mineral ved behov.