Hopp til innhald

Fagstoff

Antibiotikaresistens

Mikroorganismar utviklar seg stadig for å kunne tilpasse seg til endringar i omgivnadene. Denne tilpassingsdugleiken truar det viktigaste våpenet vårt i kampen mot mikrobielle sjukdommar: antibiotikum. Kva er antibiotikaresistens, og kva utfordringar gir det i dag og i framtida for oss som har dyr?
Ein raudfarga lapp med kvite felt som varslar om tilbakehaldingsfristar for mjølk og kjøtt etter behandling med antibiotikum. Foto.

Kva er resistens?

Resistens betyr motstand eller motstandsdugleik mot noko (frå latin "å stå imot"). Antibiotikum er ein samlenemning på giftstoff som drep eller hemmar vekst av bakteriar og andre prokaryote celler. Mikroorganismar kan utvikle motstand mot antibiotikum, slik at dei ikkje lenger blir påverka av giftstoffa. Vi seier då at dei har blitt antibiotikaresistente.

Antibiotikaresistens – evolusjon i praksis

Ei av drivkreftene bak evolusjon er naturleg seleksjon. Antibiotikum bidreg til seleksjonspress på prokaryote organismar.

Når populasjonar som er kjenslevare for antibiotikum, til dømes bakteriar, blir utsette for giftstoffet, vil dei fleste døy, men ikkje alle. Dei som overlever, har ulike eigenskapar som gjer at dei ikkje blir påverka av antibiotikum. Desse bakteriane vil formeire seg kraftig, sidan alle konkurrentane deira er døde. Dessutan vil dei eigenskapane som gjer dei antibiotikaresistente, bli meir og meir dominerande i populasjonen. Når heile populasjonen har utvikla resistens, har det skjedd evolusjon.

Sidan prokaryote organismar deler seg svært raskt, kan nye generasjonar med antibiotikaresistens oppstå så raskt at andre organismar ikkje rekk å utvikle forsvar mot dei. Då verkar ikkje lenger antibiotikum.

Utvikling i ein bakteriekultur der det i byrjinga er få resistente bakteriar, men etter kvart som bakteriane blir utsette for antibiotikum, vil dei bakteriane som ikkje toler antibiotikumet, døy, slik at dei resistente bakteriane tek overhand. Illustrasjon.

Farane ved antibiotikaresistens

Antibiotikum har forandra verda, men på grunn av ukritisk bruk har mikroorganismar begynt å bli resistente. At bakteriar utviklar resistens mot antibiotikum, kan gi alvorlege problem i framtida. Ifølge Verdshelseorganisasjonen (WHO) er dette ein av dei største helsetruslane i vår tid.

Korleis kan vi hindre utvikling av antibiotikaresistens?

Det mest effektive tiltaket for å førebygge antibiotikaresistens er å redusere bruken av antibiotikum. Kvar gong vi bruker antibiotikum, kan nokre individ ta opp gen som gir dei eigenskapar som gjer dei resistente.

Dyreassosiert MRSA (LA-MRSA) er vanleg i mange land, spesielt i grisebesetningar. Vi har òg hatt tilfelle i norske grisebesetningar, men Mattilsynet har eit mål om å halde desse bakteriane borte frå norske fjøs. Derfor skal du alltid melde frå til Mattilsynet viss du trur at det kan vere resistente bakteriar i fjøset. Det er ikkje sikkert dyra blir veldig sjuke av MRSA, men desse bakteriane kan smitte mellom dyra og oss. Og viss du blir smitta, kan du bli alvorleg sjuk.

I norsk landbruk vil vi hjelpe til med å halde dei resistente bakteriane borte frå oss sjølve og dyra våre. Derfor har vi strenge reglar for trafikk inn og ut av fjøset, og vi bruker ikkje antibiotikum utan at det er heilt nødvendig.

Bruk av antibiotikum i europeisk landbruk vist med stolpediagram. Gjennomsnittet i Europa er 89 mg per kg kroppsmasse. Noreg og Island ligg svært lågt med 2,3 og 3,8, medan Kypros bruker mest med 393,9  mg per kg. Illustrasjon.

Film om antibiotikum og antibiotikaresistens

I denne filmen får du eit kort innblikk i kva antibiotikum er, og om farane ved at vi bruker for mykje antibiotikum.

Visste du at ...

Det er viktig å ta speneprøvar og analysere kva bakteriar som finst i mjølka før behandling med antibiotikum?

Omgrep

Resistens
er motstand eller motstandsdugleik mot noko (frå latin "å stå imot").
Antibiotikaresistens
er motstandsdugleik mot antibiotikum. Prokaryote celler som har blitt resistente, vil ikkje lenger bli påverka av giftstoffet i antibiotikumet.
Multiresistente organismar
er organismar som er motstandsdyktig mot meir enn éin type antibiotikum.

Kjelder

Universitet i Oslo. (2021, 16. mars). Antibiotika. I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/a/antibiot.html

Sirevåg, R. (2020, 9. oktober). MRSA. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/mrsa

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø og Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2023

Læringsressursar

Vaksinar og antibiotikum