Hopp til innhald

Fagstoff

Antibiotikum

Antibiotikum er ein samlenemning på giftstoff som hemmar vekst av bakteriar og andre prokaryote celler. I husdyrhald blir antibiotikum brukt til å behandle mikrobielle sjukdommar, som til dømes jurbetennelse.
Ei hand som held fram ei rund petriskål med dyrka bakteriar. Foto.

Kva er antibiotikum?

Antibiotikum er ein samlenemning på giftstoff som hemmar vekst av . Stoffa blir produserte av levande organismar for å halde andre organismar borte (frå gresk har vi anti, som betyr "mot", og bios, som betyr "liv").

Antibiotikum blir brukte til å førebygge og behandle sjukdommar forårsaka av bakteriar, sopp og parasittar. Dei har ingen effekt på virus. Både menneske, dyr og planter kan bli behandla med antibiotikum.

Eit jordbær med muggsopp og eit utsnitt som zoomar inn på den mikroskopiske soppen Penicillium. Illustrasjon.

Korleis verkar antibiotikum?

Nokre antibiotikum drep prokaryote celler. Andre stoppar celledelinga. Det gjer at dei prokaryote cellene ikkje kan formeire og spreie seg, noko som igjen fører til at infeksjonen blir stoppa.

Kollasj med bilete av ein dyrlege som måler opp penicillin i ei sprøyte som han så injiserer i ei søye. Foto.

Ulike typar antibiotikum

Det finst mange mikroorganismar som kan føre til sjukdom, og dei ulike organismane har ulike eigenskapar. Det er derfor utvikla forskjellige antibiotikum med ulik verknad.

Smalspektra antibiotikum

Dei fleste typane antibiotikum kan berre svekke eller drepe nokre få artar. Desse blir kalla smalspektra antibiotikum. Det er gunstig å bruke smalspektra antibiotikum. Dei drep nemleg berre dei mikroorganismane som gir sjukdom, og påverkar i liten grad den normale bakteriefloraen i kroppen til organismen som blir behandla.

Ved behandling av sjukdommar som ikkje er veldig akutte og livstruande for dyra, skal du derfor ta ut prøvar og sende til analyse før behandling med antibiotikum. Kronisk jurbetennelse er døme på ein sjukdom der det er viktig å ta ut speneprøvar av mjølka og sende dei til analyse før du startar behandling.

Breispektra antibiotikum

Breispektra antibiotikum svekker eller drep mange ulike artar av mikroorganismar samtidig. Denne typen antibiotikum vil drepe både nyttige og skadelege mikroorganismar, og han gjer dermed kroppen meir sårbar for andre infeksjonar.

Når dyra blir akutt sjuke, med infeksjon og høg feber, må vi som regel bruke breispektra antibiotikum.

Visste du at …

Det viktigaste og mest brukte antibiotikumet er penicillin? Dette var det første antibiotikumet som vart oppdaga. Antibiotikum blir derfor ofte kalla penicillin i daglegtalen.

Viktige omgrep

Antibiotikum
er ein samlenemning på giftstoff som hemmar vekst hos prokaryote celler.
Breispektra antibiotikum
er antibiotikum som svekker eller drep mange ulike artar av mikroorganismar samtidig.
Smalspektra antibiotikum
er antibiotikum som kan svekke eller drepe berre nokre få artar av mikroorganismar.
Mikrobielle sjukdommar
er infeksjonssjukdommar forårsaka av bakteriar eller andre mikrobar (prokaryote organismar).
Patogene mikroorganismar
er det same som sjukdomsframkallande mikroorganismar.
Kjelde

Universitet i Oslo. (2021, 16. mars). Antibiotika. I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/a/antibiot.html

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø og Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 02.10.2023

Læringsressursar

Vaksinar og antibiotikum