Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis verkar vaksinar?

Alle organismar blir til kvar tid utsette for ulike smittestoff. Dei fleste smittestoffa blir stoppa av kroppens eige forsvarssystem, immunforsvaret, men i nokre tilfelle kan det vere lurt å styrke dette forsvaret ved å bruke vaksinar.
Portrett av ei ku av rasen NRF i eit lausdriftsfjøs. Det er fleire kyr i bakgrunnen. Foto.

Kva er ein vaksine?

Ein vaksine inneheld ei svekt utgåve av eller deler av ein mikroorganisme. Når vaksinen blir sprøytt inn i kroppen til eit friskt individ, fører det til eit smitteangrep på kroppen. Dette trenar opp immunforsvaret til å kjenne igjen og angripe spesifikke .

Immunforsvaret – kroppens eige forsvar

Organismar blir heile tida utsette for ulike smittestoff. Dei fleste smittestoffa blir stoppa av ytre barrierar: ein ytre cellevegg hos mange eincella organismar, hud og slimhinner hos dyr eller hos planter. Slike ytre barrierar hindrar smittestoff i å trenge inn i kroppen og er ein del av det vi kallar det uspesifikke immunforsvaret.

Det spesifikke immunforsvaret

har òg eit spesifikt forsvar som blir aktivert når eit smittestoff har trengt igjennom barrierane i det uspesifikke forsvaret. Nemninga "spesifikk" viser til at responsen blir tilpassa det spesifikke smittestoffet. Det er det spesifikke immunforsvaret som blir utnytta ved bruk av vaksinar.

Vaksinasjon gir immunitet og styrkar immunforsvaret

Immunforsvaret reagerer på ein vaksine på same måte som om organismen hadde blitt smitta av ein framand mikroorganisme, men angrepet på kroppen er svakare enn ved naturleg sjukdom.

Den varianten av smittestoffet som inngår i ein vaksine, er så svekt at immunforsvaret klarer å kjempe mot smittestoffet utan at organismen blir sjuk. Det spesifikke forsvaret blir aktivert og etablerer eit førehandsinnstilt forsvar. Vaksinar skaper med andre ord immunitet utan at organismen først må bli sjuk.

Film om vaksinar

Denne filmen handlar om ulike sider ved vaksinar. Du kan bruke menyen i filmen til å hoppe til det emnet du vil vite meir om.

Vaksiner reddar liv

Vaksiner har redda mange liv, og dei har ført til mindre sjukdom, lengre levetid og betre livskvalitet. Vaksinar er viktige i helsevesenet, men blir òg brukt i landbruk og industri for å hindre at sjukdom spreier seg. Det er til dømes fleire vaksinar som blir brukt i ulike husdyrproduksjonar. Dette blir teke opp i emna om kvart dyreslag.

Visste du at …

Den første vaksinen vart laga fordi budeier ikkje vart smitta med koppar? Koppar er den einast sjukdommen som er utrydda som følge av vaksine. Utan vaksine ville omtrent fem millionar menneske mista livet av koppar kvart år.

Kjelder

Myrvang, B. & Stuge, T. B. (2020, 1. oktober). Vaksinasjon. I Store norske leksikon. https://sml.snl.no/vaksinering

OpenStax. (2018). Prevention and Treatment of Viral Infections. Henta 4. april 2022 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/21-3-prevention-and-treatment-of-viral-infections

Vicino, I., Pardhe, M. D. & Moeller, K. (2020, 12. november). Vaccine Science. ASU – Ask A Biologist. https://askabiologist.asu.edu/explore/vaccines

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø, Johan Reinert Vikan og Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 09.10.2023

Læringsressursar

Vaksinar og antibiotikum