Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) – ferdig 2025
Felles programfag saman med:Forvaltning og drift (NA-LGA vg2) – ferdig 2025
Bygger på:Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1)
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Generelt om planteproduksjon
Skal du bli bonde eller gartnar, er plantedyrking ein viktig del av jobben. Uansett om plantene skal brukast som mat, fôr eller pryd, er dei grunnleggande behova dei same. Her lærer du om vekstfaktorar, plantenæringsstoff, transport i planter og om den viktigaste prosessen i verda – fotosyntesen.
Jord og andre dyrkingsmedium
Alt vi dyrkar utandørs, veks i jord, og jord er derfor det vanlegaste dyrkingsmediet. Det er eit levande vekstmedium med sopp, bakteriar og andre organismar vi er heilt avhengige av for at plantene skal trivast. I veksthuset kan vi dyrke planter i både torv og det vi kallar inaktive dyrkingsmedium.