Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Metallbrakett for LED-skilt

Du kan bruke tynne metallplater for å lage ein brakett eller ei ramme til LED-skiltet ditt. Platene kan du bøye og tilpasse slik at dei får den forma du ønsker.
Metallskjene liggande på ei skrustikke. Skjena består av to parallelle metallplater med ein slisse imellom. Platene er festa saman i bakkant ved hjelp av ein POP-nagle. Foto.

Metall som brakettmateriale

Metall er eit veldig anvendeleg materiale som kan tilarbeidast slik at det får den forma du vil ha. Viss du bruker ei tynnplate av metall, kan du klippe, knekke (bøye) og bore i ho ved hjelp av enkle maskiner. Du kan velje mellom ulike typar metall, til dømes stål eller aluminium.

Viktig å tenke på

  • Det kan vere lurt å bore alle hola på rett stad før du begynner å knekke plata. Då er det enklare å få godt anlegg for boringa.

  • Metall kan ha skarpe kantar. Hugs å avgrade kantane med ei fil, eit avgradingsverktøy eller med smergelpapir.

  • Metall leier straum. Derfor er det viktig at straumførande leidningar ikkje kjem i kontakt med braketten.

  • Nytt rette skjeredata for boring og skjering i metall og akryl. Akryl smeltar ved for høg temperatur og kan feste seg på boret.

Slik lagar du din eigen brakett

Når du skal lage din eigen brakett av metall, er det viktig at du har ei arbeidsteikning du kan jobbe ut frå. Teikninga kan vere ei enkel skisse på papir eller ei teknisk teikning laga i eit CAD-program, til dømes Fusion 360.

Viss du vil ha eit funksjonelt og fint design, må du ta omsyn til ulike forhold og avgrensingar, til dømes

  • eigenskapane til metallet du skal bruke

  • tjukna på metallplata

  • breidda og tjukna på akrylplata

  • valet av opphengsløysing

  • breidda på LED-stripa

  • avstanden mellom kuttsonene på LED-stripa

  • verktøya som er tilgjengelege på verkstaden

Dersom du gjer arbeidsoperasjonane i rett rekkefølge, blir det lettare å få eit godt resultat. Biletkarusellen under viser korleis du går fram.

Arbeidet steg for steg

  1. Mål ut og marker på metallplata ut frå teikninga. Bruk eigna måle- og risseverktøy. Skyvelæret skal vanlegvis ikkje nyttast til merking, men viss du har eit gammalt og utrangert skyvelære, kan du bruke det.

  2. Klipp dei to delane til braketten med eigna verktøy ut frå markeringane. Du kan til dømes bruke ei handhalden blikksaks.

  3. Bor alle nødvendige hola i metallplatene før du begynner å knekke dei. Dette gir betre anlegg i søyleboremaskina. (Har du ikkje søyleboremaskin, kan du også bruke ei handhalden boremaskin.)

  4. Når metallplatene er ferdig skorne og bora, kan du begynne å knekke dei, til dømes med ei manuell plateknekke. Det er viktig at du knekker dei ulike formene i rett rekkefølge.

  5. Monter dei ferdig forma platedelane saman. Du kan velje mellom ulike samanføyingsmetodar, til dømes POP-naglar, skruar eller sveising.

  6. Når platene er samanføydde, monterer du LED-stripa. Det er viktig at LED-stripa får godt anlegg mot braketten. Modifiser POP-naglar eller skruar om nødvendig.

  7. Monter akrylskiltet inn i braketten. Pass på at skiltet får godt anlegg mot LED-stripa slik at mest mogleg lys går inn i akrylplata.

  8. No skal du bore festehol. Bor plata gjennom hola som du allereie har laga i braketten. Hugs rett skjerefart slik at akrylet ikkje smeltar ved boring.

  9. Fest akrylplata i braketten med gjennomgåande skruar og mutterar. Ver forsiktig når du strammar, slik at akrylplata ikkje sprekk.

  10. No er skiltet ferdig, og du kan kople til straum.

Instruksjonsfilm

I denne filmen får du ein grundig instruksjon i korleis du kan lage din eigen metallbrakett. Du får også råd om verktøy det kan vere formålstenleg å bruke.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2024

Læringsressursar

LED-skilt