Hopp til innhald

Fagstoff

LED-skilt: Filmressursar

Vil du lage ditt eige lysande skilt med valfri utforming og logo? Her får du ein filmserie som kan gi deg inspirasjon, tips og råd til korleis du kan gå fram.
Pleksiglas med lysande NDLA-logo i ei lillafarga ramme. Storleik ca. 15 gonger 15 cm. Foto.

Innhaldsoversikt

  1. Introduksjon til produksjon av LED-skilt

  2. Brakett for LED-skilt i metall

  3. Elektronikk for LED-skilt

  4. 3D-printa brakett for LED-lys

  5. RGB-diodar

  6. Bruk av automatiserte maskiner ved produksjon av LED-skilt

Introduksjon til produksjon av LED-skilt

Sjå filmen under for å få ei innføring i korleis akryl kan bli til eit skilt. Filmen viser korleis du på ein enkel måte kan lage ditt eige skilt. Du kan velje mellom fleire vanskegradar. Mellom anna kan du velje styring gjennom ein mikrokontrollar som Arduino.

Brakett for LED-skilt i metall

Skiltet treng ein festebrakett som held skiltet, og som i tillegg kapslar inn lysdiodane (LED). I denne videoen får du tips og råd om korleis du kan utforme og produsere ein slik brakett.

Elektronikk for LED-skilt

For at LED-skiltet skal lyse opp, treng du ei lyskjelde. Det enklaste er å nytte ei LED-stripe. Sjå på videoen nedanfor om du vil ha tips og råd til korleis du kan tilpasse og kople opp ei slik LED-stripe.

3D-printa brakett for LED-lys

Du kan lage skiltbraketten i metall, men du kan også velje å teikne og lage han ved hjelp av ein 3D-printer. Då kan du utforme braketten på mange ulike måtar. I denne videoen får du tips og råd til korleis du kan lage ein 3D-printa brakett.

RGB-diodar

LED finst i mange ulike typar. Den største forskjellen er fargen diodane lyser med. Dei vanlegaste diodane lyser med ein fast kvitfarge, men det finst også lysdiodar som lyser i ein valfri farge, såkalla RGB-diodar. Dei kan styrast med ein mikrokontrollar, til dømes ein Arduino.

I denne filmen får du nokre tips til korleis du med sensorar og en mikrokontrollar kan lage spennande effekter på lysskiltet ditt.

Bruk av automatiserte maskiner ved produksjon av LED-skilt

Du er ikkje nøydd til å lage alle delane for hand. I denne filmen får du ei innføring i korleis du kan bruke automatiserte maskiner til å lage delane for deg. Du får òg tips om korleis du kan montere saman og ferdigstille skiltet.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2024

Læringsressursar

LED-skilt