Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

3D-printa brakett

I staden for å lage skiltbraketten i metall kan du teikne og lage han med ein 3D-skrivar. Dette gir deg stor fridom til å utforme braketten slik du vil ha han. Her får du nokre tips og råd.

Kva er 3D-printing?

3D-printing er additiv tilverking, det vil seie ein produksjonsteknologi som bygger opp objekt lag for lag, basert på ein digital modell.

Denne modellen blir behandla i spesialiserte dataprogram som deler han i tynne horisontale lag, nesten som med ein ostehøvel. Dette blir på fagspråket kalla slicing. Nokre 3D-skrivarar tillet at slicing blir gjord direkte i teikneprogrammet, andre 3D-skrivarar krev at du hentar inn modellen i programvara til skrivaren, og at slicing skjer der.

Skrivaren bygger deretter objektet lagvis ved å påføre materialet i samsvar med designet. Dette blir gjenteke lag for lag til objektet er ferdigstilt.

Fem rektangulære plastdelar i ulike fargar på eit bord. Alle delane har hol til skruar i kvart hjørne. Foto.
Handtak. 3D-printa, grov struktur der kvart enkelt lag er godt synleg. Foto.

Kvifor bruke 3D-printing?

Det kan ofte vere betre å bygge opp ein gjenstand frå botnen i staden for å starte med eit stort arbeidsemne og fjerne unødvendig materiale. Dette er dei viktigaste fordelane ved ei 3D-utskrift:

Produksjon av komplekse former

3D-utskrift tillet produksjon av svært komplekse former og strukturar som det ville vore vanskeleg eller umogleg å få til med tradisjonell maskinering, til dømes strukturar med interne holrom eller kanalar.

Dette opnar for nye typar design og innovative løysingar. Med 3D-printing er det berre fantasien som set grenser for den som vil skape komplekse former og strukturar.

Mindre materialavfall

Ved tradisjonell maskinering må ofte mykje materiale skires bort for å oppnå ønska form. Med 3D-utskrift blir berre det nødvendige materialet brukt, noko som gir mindre avfall og er ofte kostnadssparande.

Rask prototyping

3D-printing gjer det mogleg å produsere raskt og design utan behov for dyre verktøy eller maskiner. Dette gjer at produktutvikling kan skje raskare, og at vegen til marknaden blir kortare.

Fleksibilitet i materialval

Ved 3D-printing kan du bruke eit breitt spekter av materiale, til dømes plast, metall eller keramikk. Du kan til og med bruke biologiske materiale som cellulose eller protein. Det gjer det lettare å velje eit materiale som passar til bruksområdet for det ferdige produktet og til ytingskrava det må oppfylle.

Teikn din eigen brakett

Når du skal lage din eigen brakett, må du først teikne ein digital modell i eit CAD-program, til dømes i Fusion 360. Du kan fritt velje kva form og fasong braketten skal ha, men viss du vil ha eit best mogleg produkt, må du ta passe på ein del ting:

Tjukna på akrylskiltet

Det er viktig at holet eller slissen som akrylskiltet skal festast i, har nesten same tjukn som sjølve skiltet. Når skiltet og braketten har god tetting, slepp det ikkje ut noko lys mellom brakett og skilt. Alt lyset går då inn i akrylskiltet, og du får betre lyseffekt.

Lengda på LED-stripa

LED-striper blir vanlegvis leverte i lange lengder som kan klippast opp i kortare element. Her er det viktig å klippe på oppgitte stader (klippesoner).

Avstanden mellom klippesonene kan variere hos dei ulike leverandørane. Viss LED-stripa har klippesoner kvar 50 mm, må skiltet og den opne slissen i braketten bli til dømes 50, 100 eller 150 mm lang. Er det klippesone kvar 20 mm, har du valet mellom mange fleire ulike storleikar.

Elektrisk tilkopling

LED-stripa må ha straumtilkopling viss skiltet skal lyse. Tenk gjennom korleis dei elektriske leidningane skal koplast på LED-stripa, og kvar leidninga skal gå. Så teiknar du inn dette i braketten slik at det er opne spor for leidninga.

Har du tenkt å bruke ein mikrokontrollar som Arduino, kan du lage ein brakett som har plass til mikrokontrollaren i sjølve braketten. Då må du også teikne denne inn i modellen.

Rektangulær, 2–3 cm høg plastboks med ein mikrokontrollar av typen Arduino montert inni boksen. Foto.
Ei hand som held ein mikrokontrollar med leidningar. Ei leidning er trædd  gjennom eit lite, rundt hol i ein 3D-printa plastdel. Foto.

Få eit innblikk i 3D-printing

I filmen nedanfor får du vist korleis du kan bruke ein 3D-skrivar til å lage din eigen brakett. Du får dessutan eit innblikk i fordelane ved 3D-printing i forhold til tradisjonell maskinering.

Relatert innhald

Kva er 3D-printing? Kva for materiale er vanleg å 3D-printe, og kva for metodar blir brukte?

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2024

Læringsressursar

LED-skilt