Hopp til innhald
Fagartikkel

Vern mot tilgroing

Korrosjon kan oppstå av ulike årsaker, mellom anna av tilgroing med ulike mikroorganismar. Korleis kan vi hindre tilgroing?

Korleis kan vi verne ein konstruksjon mot tilgroing?

For å verne ein konstruksjon, spesielt røyr, mot tilgroing kan vi bruke straumsette anodar (ICCP). Tilgroing gir dårlegare gjennomstrøyming og ofte dårlegare yting i røyrsystem.

ICCP-systemet består av koparanodar og aluminiumanodar som er strategisk plasserte i holrom på konstruksjonen. Av og til kan dei også monterast rett på innsida av konstruksjonen, men alltid så nær tilkoplingspunktet som mogleg. Det bør monterast eit sett med anodar for kvar opning i konstruksjonen.

Tilkopling

Anodane er kopla til eit kontrollpanel som matar straum til anodane. Då frigjer koparanodane koparhaldige ion, og aluminiumanodane frigjer aluminiumion. Væska som renn gjennom røyra, sørger for at dei frigitte iona spreier seg gjennom røyranlegget. Iona skaper eit miljø som er uvennleg for mikroorganismar. Derfor vil mikroorganismar som kjem inn i røyranlegget, ikkje feste seg til veggen, men passere rett gjennom til utslepp.

Aluminiumiona dannar i tillegg aluminiumhydroksid. Aluminiumhydroksidet skaper ein vernande film på røyrleidningane som gjer at korrosjonen i røyrleidningane blir redusert betydeleg.

Val av materiale

Dersom røyranlegg, varmevekslarar og liknande er laga av legeringar som inneheld kopar, blir aluminiumanodane som regel erstatta av eller supplert med mjuke jernanodar. Det er fordi det kan oppstå galvanisk korrosjon i aluminiumanodar når dei blir brukte på koparhaldige materiale, spesielt viss det er klorid i elektrolytten.

Design- og kontrollpanelfunksjonen sikrar den optimale konsentrasjonen av koparion for å halde røyrlanlegga frie, og dét utan å påverke omgivnadene, til dømes det marine livet utanfor skipet.

Resultatet er reinare røyrleidningar med mykje lengre levetid og lågare vedlikehalds- og driftskostnader, alt oppnådd på ein miljømessig forsvarleg måte.

CC BY-SA 4.0Rettshavar: FROSIO
Sist fagleg oppdatert 10.11.2023