Hopp til innhald

Fagstoff

Katodisk lakkslepp

Katodisk lakkslepp er ein beleggskade som kan oppstå når spenninga i eit katodisk vernesystem ikkje er justert rett.

Kva er katodisk lakkslepp?

Lakkert metalloverflate der lakken har små bobler. Foto.

Når vi bruker katodisk vern for å verne metall mot rust, justerer vi spenninga slik at straumen går frå ein anode (offeranode) til katoden (metallet vi vil verne). Spenninga avgjer kor mykje straum som går til katoden.

Det er viktig at spenninga er justert rett, elles kan systemet verke mot formålet sitt. Til dømes kan vernebelegget få blemmer og dårleg . Dette kallar vi katodisk lakkslepp (på engelsk: Cathodic Disbondment eller Cathodic Disbonding.

Vi må derfor sørge for at spenninga er sterk nok til å verne metallet mot rust, men ikkje så sterk at ho forårsakar lakkslepp. Vanlegvis gir ei spenning rundt –0,85 volt (i forhold til ein koparsulfat-referanseelektrode) godt vern, utan at vi risikerer oververn.

For låg spenning

Viss spenninga er for låg, vil ikkje nok elektron flyte til katoden. Då blir ikkje metallet godt nok verna og kan begynne å korrodere (ruste).

For høg spenning

Viss spenninga er for høg (vanlegvis når ho er meir negativ enn –1,10 volt i forhold til ein referanseelektrode), blir det sendt for mykje straum til katoden. Det kan ha fleire uheldige konsekvensar:

  • Det kan dannast hydrogengass på metalloverflata. Denne gassen kan bygge seg opp under belegget eller målinga og til slutt føre til at belegget losnar.

  • Det kan dannast hydroksylion som reagerer med visse typar måling eller belegg. Dette svekker vedheften slik at målinga lettare losnar frå metallet.

  • Stålet kan bli sprøtt på grunn av hydrogeninntrenging.

  • Hydrogen er veldig brennbart og eksplosivt, og ei større mengde hydrogengass kan skape farlege ekplosive atmosfærar.

Korleis unngå oververn?

Vi må kontrollere straumen mellom det edle og det meir aktive (anode) metallet. I tillegg må vi velje rett anodemetall. Magnesium til dømes blir ikkje anbefalt fordi det er eit veldig aktivt anodemetall som korroderer veldig raskt. Magnesium forårsakar òg auka produksjon av hydrogengass og dermed auka katodisk lakkslepp.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo. Rettshavar: FROSIO
Sist fagleg oppdatert 10.11.2023

Læringsressursar

Katodisk vern