Hopp til innhald

Fagstoff

Offeranodar

Kva er ein offeranode? Kva typar offeranodar finst det, og kva bruker vi dei til?

Kva er ein offeranode?

Ein avlang, lysegrå metallbit som er festa til ei smal stripe raudmåla metall. Metallstripa er i sin tur festa til ei større raudmåla metallflate. Den lysegrå metallbiten har påskrifta "Tecnoseal". Foto.

Ein offeranode er ein metallbit som vernar ein metalldel eller ein konstruksjon i eit meir edelt metall mot korrosjon. Offeranoden kan sveisast, klemmast eller boltast fast på den delen han skal verne. Det må vere direkte kontakt mellom anoden og det metallet han skal verne.

Når offeranoden og metallkonstruksjonen er nedsenka i ei elektrolytisk væske, "ofrar" anoden seg sjølv ved å . Metallet i sjølve konstruksjonen derimot får katodisk vern. På engelsk kallar vi denne prosessen Sacrificial Anode Corrosion Protection, forkorta SACP.

Offeranodar kjem i mange ulike storleikar og former. Det finst også spesialstøypte einingar, til dømes former som er tilpassa utanbords båtmotorar.

Materiale brukte i offeranodar

Metallet i offeranodar er vanlegvis ei sink-, aluminium- eller magnesiumlegering. Når vi skal velje materiale, må vi tenke på fleire forhold, til dømes:

  • Materialet må passe til det spesifikke vassmiljøet anoden skal brukast i. Då får vi best mogleg vern og færre negative effektar (som t.d. kalkavleiringar).

  • Låg vekt kan vere ein viktig fordel ved transport, montering og bruk.

  • Ulike metall har ulik elektrokjemisk kapasitet. Nokre typar offeranodar har derfor større galvanisk spenning enn andre sett i forhold til materialet dei skal verne.

  • Storleiken på offeranoden kan ha noko å seie fordi anodane er med på å skape motstand i vasstraumen.

  • Pris er vanlegvis ein faktor. Både materialval, vedlikehaldsbehov og utskiftingstakt har innverknad på prisen.

Sinkanodar

Sinkanodar blir ofte brukte i saltvassmiljø. Dersom dei blir brukte i ferskvatn, kan dei få eit belegg som reduserer effektiviteten. I saltvatn kan det òg oppstå kalkavleiringar på sinkanodar. Levetida for sinkanodar i saltvatn er 1–3 år.

Aluminiumanodar

Aluminiumanodar kan brukast i både ferskvatn og saltvatn. I saltvatn varer dei i 3–5 år. I ferskvatn har dei kortare levetid fordi dei då får eit oksidlag. Dei varer likevel lenger enn sinkanodar, og dei dannar mykje mindre kalkavleiringar.

Ofte blir aluminium tilrådd i staden for sink fordi ein aluminiumanode berre veg ca. ein tredjedel av ein sinkanode av same storleik. Dermed blir det lagt mindre vekt til konstruksjonen. Aluminiumanodar er òg lettare å transportere og installere.

Magnesiumanodar

Magnesiumanodar er svært aktive og blir helst brukte i ferskvatn. I saltvatn korroderer dei for raskt og kan forårsake skade. Magnesiumanodar er laga av magnesiumlegeringar, ikkje av reint magnesium, fordi dette gir betre yting og haldbarheit. Magnesiumanodar har ei levetid på 1–2 år.

Døme på bruksmåtar

Sinkanode montert på ein båt. Sinkanoden er nesten tært vekk. Foto.

Offeranodar kan verne område der vernebelegget har fått mekaniske skadar, til dømes skroget på eit skip. Vernet fungerer berre for den delen av skroget som er nedsenka i vatn.

Offeranodar kan dessutan brukast til å hindre korrosjon i ballasttankar, føresett at det er væske i tankane.

For å sikre røyr og leidningar kan vi bruke såkalla ringbandanodar. Desse anodane er festa til konstruksjonen som eit tett armband. Ytterlegare sveising til konstruksjonen sikrar god elektrisk kontakt mellom konstruksjon og anode.

CC BY-SARettshavar: FROSIO
Sist fagleg oppdatert 10.11.2023

Læringsressursar

Katodisk vern