Kva er ein micro:bit?
Ein micro:bit er ein enkel, programmerbar mikrokontroller som er utvikla for å introdusere barn og nybegynnarar til programmering og elektronikk. Han blei utvikla av BBC i samarbeid med fleire partnarar, og den første versjonen blei lansert i 2015.
Micro:biten er på storleik med ei fyrstikkeske (4 x 5 cm), noko som gjer han lett å handtere og ta med seg. Han er utstyrt med ei rekke innebygde funksjonar og sensorar. Til dømes har han ei LED-matrise på 5 x 5 pikslar som kan brukast til å vise enkle bilete og tekst, og han har to programmerbare knappar som kan brukast som inngangar.
I tillegg til LED-matrisa og knappane har micro:biten innebygde akselerometer og magnetometer (kompass), som gjer det mogleg å registrere rørsle og retning. Han har også innebygd Bluetooth for trådlaus kommunikasjon og kontaktflater (pads) som gjer det enkelt å kople til og programmere eksterne sensorar og komponentar.
Micro:bitar kan mellom anna kodast ved hjelp av blokkbasert programmering. Denne metoden gjer det enkelt å lære grunnleggande koding og programmering. Du kan bruke ein blokkbasert programmeringseditor som heiter Microsoft MakeCode, som er tilgjengeleg frå alle nettlesarar via makecode.microbit.org.
Her kan du programmere ved å dra og sleppe kodeblokker for å lage program. Micro:bitane støttar også tekstbasert programmering med språk som Python og JavaScript. Tekstbasert programmering gir meir avanserte mogelegheiter for erfarne brukarar.
Micro:bitar er populære i utdanningsmiljø fordi dei er enkle å bruke og gir ein praktisk introduksjon til programmering og elektronikk. Dei kan brukast til eit breitt spekter av prosjekt, frå enkle spel og animasjonar til meir komplekse innretningar som robotar og interaktive gjenstandar.