Hopp til innhald

Fagstoff

Fargelære og blomsterdekorasjon

Blomsterdekoratørar jobbar ut frå dei fargane som plantematerialet har. Når du skal velje fargar, må du ta omsyn til høvet blomstrane skal brukast i. Kulør, valør, fargedominans og kontrastar er viktige fagomgrep i arbeidet med blomsterdekorasjon.
Blomsterdekorasjon med graskar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fargevalet til blomsterdekoratøren

Kva blomsterarbeidet skal uttrykkje, er avgjerande for fargevalet. Du må ta omsyn til ønska frå kunden og finne fargar som passar til høvet. Blomstrane skal gjerne dekorere eit antrekk, eit bord, ei kiste, eit rom eller liknande. Begynn med å analysere oppdraget, og ha god dialog med kunden.

Kulør

Alle blomstrar har kulør. Kulør beskriv kva farge i fargesirkelen det er snakk om. Er blomsteren blå, gulgrøn eller lilla? Heilt ukulørte blomstrar finst ikkje. Ei kvit rose har gul eller grøn nyanse i kronblada, og stilken er alltid grøn.

Opplevinga av ein farge er avhengig av kva fargar han står saman med. Ved å bruke ei kvit rose med gul nyanse mot ein kvit brurekjole vil blomstrane oppfattast som kremgule. Difor bør du bruke til dømes ein grøn base og integrere kvite blomstrar med heilt lyse fargenyansar.

Brurebukett med kvite roser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Valør

Valøren fortel oss der fargen høyrer heime på ein lysheitsskala frå svart til kvit. Når vi blandar kvit eller svart inn i ein kulør, får vi nyansar med ulikt lysheitsgrad. Ved å bruke valørar i same kulør kan du skape eit harmonisk og estetisk uttrykk i eit blomsterarbeid.

Blomsterbukett med bruk av ulike valørar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fargedominans

Den fargen som kjem mest tydeleg fram i blomsterarbeidet kallar vi dominant. Å ha ein tydeleg fargedominans er viktig for at arbeidet skal oppfattast som roleg og behageleg å sjå på.

Ein klar fargedominans, med bruk av valørar i same kulør, og eit lite innslag av ein fargekontrast gir arbeidet eit spennande heilskapsuttrykk.

Bukett der raudfiolette blomster dominerer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontrastar

Nærbilete av ein blomsterkrans. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontrast betyr motsetning. Å kjenne til korleis fargane påverkar kvarandre gjennom kontrastar, er viktig når du skal jobbe med fargar. Dette kan gi spenning i blomsterarbeidet. Du kan bruke kontrastar medvite for å skape til dømes eit blikkfang, ei uro eller ein frekkheit.

Johannes Itten deler fargekontrastane inn i sju grupper. Set deg inn i dei ulike eigenskapane til desse kontrastane. Ved å bruke dei medvite kan du forsterke det uttrykket du ønskjer.

Relatert innhald

Bruk av kontrastar påverkar korleis vi opplever farge og form. Ved å bruke fargekontrastar bevisst kan du forsterke det uttrykket du ønskjer.

Ittens fargelære kan hjelpe oss til å forstå fargeblanding og til å finne harmoniar og kontrastar.






CC BY-SASkrive av Siv Engen Heimdahl: og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 24.03.2020

Læringsressursar

Blomsterdekoratør