Hopp til innhald

Fagstoff

Visualisering i blomsterdekoratørfaget

Visualisering i blomsterdekoratørfaget handlar om å utvikle idéar, planlegge arbeid eller visualisere noko for ein kunde. I ein travel arbeidskvardag er det nyttig å bruke bilete i kommunikasjonen med kunden. Med skisser, arbeidsteikningar og fotografi kan du visualisere eit blomsterarbeid.
Teikning av høg dekorasjon i grunnriss og oppriss. Dei seks blomstersortane som er brukte i dekorasjonen, er teikna kvar for seg til høgre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skisser

Visualisering vil som regel drive idéar vidare. Det kan hjelpe deg til å sjå andre sider ved ein idé enn dei du klarer å tenke ut eller beskrive.

Små, raske skisser er ein god måte å utvikle idéar innanfor blomsterdekoratørfaget på. Til dømes når du planlegg eit blomsterarbeid for eit spesielt høve, som brudearbeid eller eit blomstersmykke, vil det vere nyttig å teikne små raske skisser. Etter kvart som du lagar fleire og fleire skisser, trer former og mønster fram, og idéen blir tydelegare.

Ved større dekorarbeid innandørs eller utandørs bør det leggast ein plan for arbeidet. Scenedekor eller ein bryllaupsportal er døme på arbeid der du bør lage enkle skisser når du planlegg.

Små raske idéskisser for brudebukett teikna med blyant. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fargepalett

Blomsterdekoratørar jobbar ut frå dei fargane som plantematerialet har. Når du skal velje fargar, må du ta omsyn til tilgang på materiale i sesong, høvet blomstrane skal brukast i, og ønska til kunden.

Lag fargepalettar med utgangspunkt i plantemateriala. Det kan vere lurt å finne inspirasjon til nye kombinasjonar frå fargar i bilete som fangar akkurat det uttrykket du ønsker. Det kan vere foto frå naturen, men òg andre inspirasjonsbilete, som fargar i eit interiør eller i eit måleri.

Foto av grønt kistelokk med båredekor i transparent stilform, nærbilete av hovudblomstrane og fargepalett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I butikk set vi ofte fargar saman raskt ved å halde dei ulike blomstrane mot kvarandre og sjå kva som passar. Dersom du skal bestille blomstrar, kan du bruke bilete av blomstrane for å sjå om dei harmonerer. Erfaring gjer at du blir tryggare på kva som passar saman, og du vil stadig finne nye kombinasjonar av materiale.

Moodboard eller stemningsplansje

Eit moodboard, eller ein stemningsplansje, er ein kollasj av visuelle uttrykk som blir brukte i kreative prosessar for å skape eit stemningsrom rundt ein idé. Poenget er å visualisere eit uttrykk for arbeidet ditt. Eit moodboard kan lagast fysisk eller digitalt.

Moodboard med fargepalett i grønt, fersken og fiolett, bilete av blomstrar, prydgras og ein frisyre med blomstrar i. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Foto

Etter kvart som du opparbeider deg erfaring gjennom arbeid med ulike fargekombinasjonar, materiale og uttrykk i blomsterarbeida dine, er det lurt å fotografere dei ferdige resultata. Du kan gjerne også ta bilete av arbeidet undervegs. På denne måten får du mange bilete å hente inspirasjon frå, og som du kan bruke i dialog med kunden.

Mange blomsterdekoratørar bruker ulike biletdelingsplattformer eller sosiale medium for å marknadsføre eiga bedrift, men òg for å samle og dele inspirasjon.

Tre små blomsterbukettar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsteikning

Av og til er det behov for å lage ei arbeidsteikning for å visualisere og planlegge eit produkt. Ei arbeidsteikning skal vise form på arbeidet, plassering og samansetjing av ulike materiale.

Arbeidsteikningar skal alltid teiknast i målestokk. Forholdet 1:2 passar ofte for bukettar og dekorasjonar dersom du teiknar på A3-ark.

Beskrive i biletteksten. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det skal vere rett tal av kvart plantemateriale og lett å sjå plasseringa av materiala. Tenk deg at ein annan skal kunne utføre arbeidet ut frå teikninga di. Du kan forenkle formene så lenge vi kan lese ut av teikninga kva art det er. Du teiknar kvart enkelt materiale og skriv botanisk namn og antal. Det skal vere tydeleg kva art og farge du skal ha.

Beskrive i teksten og biletteksten. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Digital arbeidsteikning

Du kan lage arbeidsteikning i valfri teknikk. Fargeblyantar, akvarellfargar i kombinasjon med kontur i penn og tusj er nok dei vanlegaste teknikkane å bruke.

Det finst mange ulike digitale teikneprogram eller program for visualisering. På arbeidsteikninga under er det brukt foto som er traca. Då kan du flytte rundt på materiala, kopiere opp ønskt antal og leike deg med komposisjonen. Du kan òg bruke digitalt teiknebrett og teikne dei ulike plantemateriala.

Buketten er sett ovanfrå og frå sida. Kvar enkelt blomsterart er referert med utklipp frå foto på ei rekke nedst. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2024

Læringsressursar

Blomsterdekoratør