Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Ei av fire årstider i blomsterarbeid

Planlegg og lag eit blomsterarbeid som representerer ei av dei fire årstidene våre. La ein av Ittens fargekontrastar skape spenning i blomsterarbeidet.
 Blomsterbukett i haustfargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Idéutvikling

  1. Vel ei årstid og beskriv ho med dine eigne ord.
  2. Kva fargar forbind du med denne årstida?
  3. Lag eit moodboard som visualiserer årstida du har valt. Bruk gjerne bilete av blomstrar og blomsterarbeid, i tillegg til andre stemningsbilete.
  4. Du skal bruke ein av Ittens fargekontrastar til å skape spenning i blomsterarbeidet ditt. Set deg inn i fargeverknaden til dei ulike kontrastane. Vel kva kontrast du vil bruke, og lag fargepalettar som passar til årstida du har valt.
  5. Lag idéskisser til eit blomsterarbeid som representerer årstida du har valt.
Døme på bruk av fargekontrast

Fargane som ligg på motsett side av kvarandre i fargesirkelen, er komplementære fargar. Desse fargane framhevar og forsterkar kvarandre. Du kan til dømes velje komplementærkontrastene raudt og grønt, og byggje ut fargane mellom desse to.

Del 2: Produksjon

  1. Planlegg kva materiale du vil bruke med tanke på årstida og fargane du har valt. Du kan òg bruke papir, fjør, stoff og andre materiale for å få bygt ut fargane, viss du ikkje har tilgang på blomster i alle fargar.
  2. Vel teknikkar som eignar seg, og lag blomsterarbeidet.
Småbukettar i hermetikkboksar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Dokumentasjon

  1. Presenter idéutviklinga di og arbeidsprosessen din.
  2. Vurder det ferdige blomsterarbeidet. Grunngi fargevalet og kva teknikk du valde å bruke.

Relatert innhald

Blomsterdekoratørar jobbar ut frå dei fargane som plantematerialet har. Kulør, valør, fargedominans og kontrastar er viktige fagomgrep.

Bruk av kontrastar påverkar korleis vi opplever farge og form. Ved å bruke fargekontrastar bevisst kan du forsterke det uttrykket du ønskjer.

CC BY-SASkrive av Lise Fridholm og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2020

Læringsressursar

Blomsterdekoratør