Hopp til innhald

Fagstoff

Bygg tillit!

Tillit er noko av det viktigaste vi kan ha i eit forhold til andre. Anten det er privat, til kollegaer eller til kundar, er relasjonskompetanse heilt avgjerande for å oppnå gode resultat.
Rafting. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er tillit?

Tillit er ei positiv forventning om at andre vil innfri det som er avtalt. Tillit blir bygd opp gjennom gjenteken kontakt og gjennom erfaringar som blir opplevde som gode av begge partar. Gjennom ein god tone, levering etter avtale og fruktbare møte blir det nærast av seg sjølv bygd ein usynleg kontrakt mellom partane. Vi treng ikkje seie noko om det – vi berre merkar ei slags positiv gjensidig kjensle.

Korleis byggjer ein tillit?

Tillit er eit av dei få orda som blir skrivne på same måte fram- og baklengs. Vi kan derfor tolke det slik at tillit må gå begge vegar for at han skal fungere. Begge partar må ønskje ein relasjon til den andre og må vere villig til å gjere det som er avtalt, både fagleg og menneskeleg. Vi skal sjå litt på kva som skal til for å byggje tillit:

Gjensidig nytteverdi

Begge partar må oppleve at relasjonen er verd å investere i, anten han kostar mykje eller lite i tid og/eller pengar. Vi må få noko ut av relasjonen sjølve – han må ha ein verdi for oss. Som leiar skal du få mest mogleg ut av medarbeidarane dine, og som tilsett skal du få mest mogleg ut av bedrifta og leiaren. Det same gjeld leverandør og kunde.

Faste avklarte roller

I alle relasjonar er det viktig å vere klar over kva rolle vi sjølve og den andre har. Vi må vite kva som blir forventa, kva som skal gjerast, og ikkje minst kva som skjer dersom noko ikkje går som det skal. Begge partar må ønskje å rydde opp og ta tak i ting slik at balanse igjen oppstår. Er du leiar, har du ei anna rolle enn som tilsett. Er du leverandør, har du ei anna rolle enn kunden.

Kompetanse

Begge partane må ha nødvendig kompetanse. Det vil seie at vi må vere i stand til å levere ut frå nødvendige krav eller standardar. Det er ikkje nok å berre vilje – vi må òg ha den kompetansen som er nødvendig. Mange overser dette punktet. Dersom vi heilt eller delvis manglar den nødvendige kompetansen, er profesjonell tillit vanskeleg å oppnå.

Integritet

Integritet betyr samsvar mellom tale og handling. Det å halde det vi lovar, og å gjere det vi skal, er heilt avgjerande for å lykkast med tillit. Det skal ikkje mange dårlege erfaringar til før relasjonen blir svakare eller døyr ut. Dersom du ikkje klarer å levere til avtalt tid og kvalitet, må du rette det opp med ein gong. Du må vise at du forpliktar deg til den andre, og at du ryddar opp når du må.

Openheit

I alle situasjonar der vi har med menneske å gjere, er openheit viktig. For at den andre skal forstå situasjonen vår, kan det lønne seg å seie litt om rammevilkåra vi jobbar under. Det er òg viktig å vise kven du er som person. Litt «small talk» skaper god stemning. Hugs at det er forskjell på å vere personleg og privat. Vis litt av deg sjølv og bedrifta du jobbar i. Innrøm når det er du eller bedrifta di som er ansvarleg for feil – og rett opp med ein gong. Positiv handtering av feil byggjer tillit så det suser. Då viser du at du skjønner kva det dreier seg om, og at den/dei andre kan stole på deg. Du har både vilje og evne til å levere.

Positiv energi

Du kan forsterke kommunikasjonen og opplevinga i relasjonen dersom du er medviten om at du er positiv, open og blid. Vi kjenner alle til den dårlege kjensla vi får når andre er negative. Du kan gi andre positive kjensler ved å seie hyggjelege ting, smile eller lytte aktivt til den andre. Dette er eit viktig verktøy for å byggje gode relasjonar. Kor mange kjenner du som gidd å vere sånn? Ein tek vare på slike menneske fordi dei gir oss noko positivt i ein elles stressande kvardag. Det interessante er at det ikkje kostar noko – berre litt medvit.

Tillit som strategisk avgjerd

Tillit er berebjelken i bedrifta – både internt og til kunden. Å byggje tillit internt i bedrifta og eksternt er eit val ein må ta. Det er ei strategisk avgjerd som har ein pris. Det tek tid og ressursar å byggje tillit – men det gir resultat. Dersom du vil ha gode resultat, har du ikkje råd til å la vere. Begynn no, tren på det, og lær det skikkeleg. Hugs at bygging av tillit kjem først, og så kjem resultata som ein konsekvens av dette.

To kollegaer gir kvarandre ein high five. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Grethe Holtan. Rettshavar: Ledernytt.no
Sist fagleg oppdatert 06.04.2020

Læringsressursar

Å vere profesjonell