Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis vere ein profesjonell frisør, blomedekoratør og eksponeringsdesignar?

Kva krav og forventningar blir stilte til ein profesjonell yrkesutøvar? I podkasten diskuterer ein frisør, ein blomedekoratør og ein eksponeringsdesignar utfordringar dei kan møte på i kvardagen, og korleis dei taklar dette.
Tittelen "Handverk og design" er omringa av kvite skisser på ein blå bakgrunn. Illustrasjon.
Handverk og design

Profesjonell yrkesutøvar

Ein frisør, ein blomedekoratør og ein eksponeringsdesignar fortel om kva krav og forventningar som blir stilte til ein profesjonell yrkesutøvar. Dei reflekterer rundt eigen praksis og diskuterer korle...

0:00
-0:00

Kven møter vi i podkasten?

Agnes Marie B. Gulbrandsen

Portrett av ung dame. Foto.

Agnes Marie B. Gulbrandsen er frisør og stylist. Ho er dagleg leiar og gründer i Gevir, og ho driv fleire frisørsalongar i Oslo. I tillegg er ho stylist i Style Management.

Anne Ødemark

Anne Ødemark er blomedekoratør og jobbar i Blomsterpikene på Løren. Dei gjer alt frå event-styling til å levere blomar til bryllaup og gravferder eller meir daglege behov.

Dame med tulipanbukett i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Torhild Aune Rustenberg

Ung dame framom dekorative tapet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Torhild Aune Rustenberg er utdanna eksponeringsdesignar og har ein BBA i Fashion Merchandising and Management (Bachelor of Business Administration i moteleiing og marknadsføring). Ho er kreativ leiar i InHouse Group og Storeys, der ho mellom anna jobbar med visuell kommunikasjon og produktutvikling innanfor produktgruppene teppe, tapet og tekstilar.

Ho har designa teppet du ser på biletet.

Grønt teppe med geometrisk mønster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2021

Læringsressursar

Å vere profesjonell