Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er kulturell identitet?

Korleis du ser på deg sjølv og andre, er påverka av kulturelt skapte kategoriar. Kva er kulturell identitet, og korleis blir denne forma?
Ungdommar går langs ei gate og snakkar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven er du?

Tenk over / diskuter

Kva svarer du på spørsmålet Kven er du?

Svaret ditt vil kanskje seie noko om sosialt kjønn, nasjonalitet, alder, etnisitet, seksuell legning, sosial bakgrunn, politisk tilhøyrsle, religion og klesstil. Vi føler tilhøyrsle til, eller identifiserer oss med, ulike grupper basert på desse kulturelle kategoriane. Dette påverkar både sjølvbiletet ditt, og korleis andre ser deg.

Kulturell identitet

Eit omgrep som beskriv korleis identiteten din blir forma og definert av tilhøyrsle til, og identifikasjon med, kulturelle fellesskapar.

Ansikt beståande av forskjellige felt i forskjellige teksturar og fargar, som illustrerer korleis kulturell identitet kan vere samansett og kompleks. Illustrasjon.

Kulturell identitet er komplisert

Fellesskapane du er ein del av, formar altså identiteten din. Men det er ikkje alltid lett å peike på akkurat kva som er kjelda til kulturell identitet. I det globaliserte og fleirkulturelle samfunnet i dag er kultur eit komplisert og nyansert omgrep.

Du beskriv kanskje deg sjølv som same, norsk, muslim eller nordlending? I mange samanhengar er det etnisitet, religiøsitet, nasjonalitet eller anna stadstilhøyrsle som blir det som først av alt definerer den kulturelle identiteten din.

Men på den andre sida kan ein muslimsk ungdom føle sterk tilhøyrsle til amerikansk hip-hop-kultur, og ein 20-åring frå Finnmark kan føle meir tilhøyrsle til gaming-fellesskapen på nett, enn til den stereotypiske født-med-ski-på-beina-norskheita. I tillegg veit vi at både kjønn og sosial klasse er kategoriar som har mykje å seie for korleis du oppfattar deg sjølv og andre.

Ulike situasjonar og kontekstar kan òg avgjere kva sider ved identiteten din du vektlegg. På fotballkamp vil laget ditt definere deg meir enn kva religion du har. Viss du møter andre frå Norden på ferie i Kina, vil identiteten din som nordisk bli meir framståande, enn om du hadde møtt dei på gata i ein norsk by.

Det er altså stor variasjon i kva sider av identiteten din som blir vektlagt når du identifiserer deg med ein kulturell identitet.

Tenk over / diskuter

Kva etikettar bruker du på deg sjølv når du skal beskrive kven du er? Varierer desse etikettane i ulike situasjonar?

Essensialistisk og dynamisk kulturell identitet

På same måte som vi snakkar om ei essensialistisk og ei dynamisk forståing av kultur, kan vi òg skilje mellom ei essensialistisk og dynamisk forståing av kulturell identitet.

Den essensialistiske forståinga av kulturell identitet ser på det som eit uttrykk for ein type felles identitet som alle i kulturen deler. Når vi snakkar om "den norske folkesjela", er det ein essensialistisk kulturell identitet vi snakkar om.

Ein dynamisk kulturell identitet består av fleire dimensjonar, og opnar for at kulturell identitet er samansett og full av motsetningar. Identitet er dynamisk fordi han blir til i samspelet med omverda og kan endrast over tid og relasjonar.

Osebergskipet på Vikingskipmuseet på Bygdøy. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nasjonalitet og førestilte fellesskap

Korleis er det mogleg å ha ein felles kulturell identitet basert på nasjonalitet? Sjølv i eit lite land som Noreg har dei fleste som utgjer denne fellesskapen aldri møttest, så denne fellesskapen kan ikkje vere basert på fysisk nærleik. Nasjonale fellesskapar går òg på tvers av store forskjellar internt i landet, både når det gjeld klasse og forskjellar på nord og sør og på aust og vest i Noreg. Samtidig er den nasjonale identiteten ofte ein del av korleis vi definerer oss sjølv og andre, spesielt i møte med andre nasjonalitetar.

Forskaren Benedict Anderson prøvde å forklare kreftene bak nasjonalisme der folket i eit land samlar seg rundt ein felles, nasjonal identitet. I boka Imagined communities (1984) brukte han omgrepet førestilte fellesskapar for å forklare at slike fellesskapar finst i hovuda våre og består av førestillingar om ein fellesskap (Breuilly, 2016). Det at det er innbilt, betyr altså ikkje at fellesskapen ikkje eksisterer.

Symbol som skaper førestillinga om fellesskap

Anderson var oppteken av korleis førestillinga om ein fellesskap vart skapt gjennom symbolbruk, og korleis framveksten av skrivekunst og trykte medium gjorde spreiinga av desse symbola mogleg (Breuilly, 2016).

Nemninga "norsk" blir brukt i svært mange samanhengar, og kva det betyr å vere norsk, er knytt til tradisjonelle oppfatningar som har vorte svært sterke, fordi dei har vorte gjentekne så mange gonger. Samtidig kan kva det vil seie å vere norsk, få nye betydingar når det blir brukt i nye samanhengar i ei verd i stadig forandring. Nasjonal identitet får ofte betyding ut frå kven vi avgrensar fellesskapen vår mot, kven vi ser på som absolutt ikkje norsk og som står i motsetning til det vi ser på som ein trussel mot felles verdiar.

Historie er ei kjelde til symbol som nasjonale fellesskapar kan samle seg rundt. Vikingtida, der Noreg var ei stormakt, vart brukt for å styrke den norske sjølvkjensla i frigjeringa frå Danmark (Nasjonalbiblioteket, 2021). I moderne tid såg vi at nazistane brukte vikingane som ideal for å seie at det nordiske folket var rasemessig overlegne ovanfor andre folkegrupper. I dag går det nærast føre seg ein dragkamp mellom høgreekstreme grupper og miljø som er opptekne av kulturarven som det norrøne representerer, om kva denne perioden i historia skal symbolisere. Eit døme på denne dragkampen kan du lese om i desse to NRK-sakene om Borreparken, ein stad med gravhaugar frå vikingtida:

NRK: "Vil nekte Vigrid seremonier i Borre".
NRK: "Vikingene har kommet tilbake".

Tenk over / diskuter

Kva slags fellesskapar trur du definerte identiteten til menneska som budde i Noreg i steinalderen, før skrivekunsten?

Korleis tenker du internettet påverkar kva grupper vi føler tilhøyrsle til i dag?


Ei jente og ei dame kledde i samiske klede. Dama hjelper jenta med sjalet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva betyr kategoriane?

Dei fleste av kategoriane vi bruker for å beskrive oss sjølv og andre, er kulturelle og ikkje naturgitte. Nokre av kategoriane har eit biologisk utgangspunkt, slik som alder, kjønn og utsjånad. Men det er viktig å forstå at dette blir tolka og forstått ut frå kulturelt skapte idéar, som "kvit", "maskulinitet" og "asiatisk". Når vi forstår at desse ikkje er objektive skildringar, men etikettar vi menneske har laga, ser vi at identitet og kultur er tett samankopla.

Etnisitet, nasjonalitet, rase

Det kan vere nyttig å forstå at omgrepa vi bruker for å beskrive oss sjølv og andre, ikkje alltid er nøytrale og objektive. Sjølv om det kan vere meiningsfullt for mange å sjå på oss sjølv i lys av kvar vi er frå, eller kva slags etnisk gruppe vi føler tilhøyrsle til, er det viktig å reflektere over kva slags kriterium vi bruker når vi sorterer andre etter desse kategoriane.

  • Etnisitet er ikkje ein objektiv kategori, men oppstår når menneske føler ein fellesskap med andre dei deler ting som språk, religion og levesett med.
  • Rase er heller ikkje ein objektiv kategori, men ein måte å rangere menneske på som ikkje har base i vitskapen. Likevel er ytre trekk som hudfarge noko som ofte blir tillagt veldig stor vekt når vi skal kategorisere andre. Nokre gonger gir det meining, dersom du til dømes beskriv erfaringar som du har på grunn av hudfargen din. Samtidig ser vi jo klart at hudfarge ikkje seier noko om kven du er, til dømes om du er ein trønder som vart adoptert frå eit område i verda der mørkare hudfarge er vanleg.
  • Nasjonalitet er på ein måte ein objektiv etikett, så lenge det berre handlar om statsborgarskap. Men kva ligg eigentleg i kategorien "norsk"? I praksis er det ofte idéar om etnisitet og rase som ligg bak. Det blir tydeleg når norske statsborgarar med mørk hud ikkje blir godkjende som norske, slik vi ser i teksten til den norske rap-duoen Karpes "Lett å være rebell i kjellerleiligheten din". Teksten er basert på utsegn henta frå kommentarfeltet:

Jeg er'ke rasist, men skal liksom liksompasset ditt bety no'

Hunder født i staller er'ke hester eller gårdsdyr

(Patel, 2015)

Tenk over / diskuter

Korleis tolkar du tekstutdraget frå "Lett å være rebell i kjellerleiligheten din"?

Kva meiner du er kriteria for at den kulturelle identiteten din blir godteken som "norsk"?

Kjelder

Appiah, K. A. (1994). Race, culture, identity: Misunderstood connections. https://tannerlectures.utah.edu/_resources/documents/a-to-z/a/Appiah96.pdf

Breuilly, J. (2016). Benedict Anderson's imagined communities: a symposium. Nations and Nationalism. ISSN 1354-5078

Chen, V. H-H. (2014). Cultural identity. Center for intercultural dialogue: Key Concepts in Intercultural Dialogue, No. 22, 2014

Imagined community (u.d.). Oxford Reference. https://www.oxfordreference.com/view/10.1093/oi/authority.20110803095958187.

Nasjonalbiblioteket. (2021). NB:arrangement: Konstruksjonen av Norden: Mellomalderen. Bergsveinn Birgisson og Carline Tromp. https://www.nb.no/hva-skjer/konstruksjonen-av-norden-mellomalderen/

Weihe, H-J. W. (27. mai 2019). Pierre Bourdieu. I Store norske leksikon på snl.no. https://snl.no/pierre_bourdieu

Weil, N. (u.å.). Speaking of Culture. Utah State University. https://digitalcommons.usu.edu/oer_textbooks/4/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022

Læringsressursar

Kultur og kunde