Hopp til innhald

Fagstoff

Kva verkar inn på kulturforståinga vår?

Er det mogleg å møte andre menneske og kulturar heilt objektivt? Eigne verdiar og erfaringar verkar inn på korleis vi forstår og vurderer andre kulturar. Då er det fort gjort å plassere folk i båsar.
Ein person omgitt av informasjon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk deg at du har gått deg vill på ein framand stad. Du har hamna i ei mørk bakgate, heilt åleine. Mot deg kjem ein skikkelse. Kva går gjennom hovudet ditt då? Bør du rømme, eller skal du be personen om hjelp? Antakeleg vil du raskt vurdere utsjånaden til skikkelsen og prøve å plassere han i katogoriar som snill eller slem, farleg eller trygg.

I ein slik situasjon kan det å kategorisere og vurdere eit menneske vere ganske lurt. Det er rett og slett ein overlevingsmetode. Men er det lurt å gjere same vurderinga i andre samanhengar?

Om kategorisering av menneske

Kategorisering av menneske og kulturar er noko vi gjer nærmast automatisk. Det er ein måte å sortere inntrykk og forstå verda på. Ofte dømer og vurderer vi menneske ut frå om dei liknar på oss eller ikkje. Eigne erfaringar og media si framstilling av kulturar vil vere med på å påverke haldningane våre.

Dei fleste veit jo at verda ikkje er så enkel, at det ikkje er rett å setje folk i bås, men likevel pregar det oss i møte med andre menneske og kulturar. Det er lettare å stille seg til stereotypar – å kategorisere menneske som har fellestrekk – enn å tenkje på kvart menneske som eit individ. At det er det enklaste, betyr ikkje at det alltid er rett.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2020

Læringsressursar

Kultur og kunde