Hopp til innhald

Fagstoff

Utsnitt og tilskjering

Tilskjering vil seie at du tek bort noko av innhaldet i komposisjonen. I praksis korrigerer du då utsnittet. Ei slik justering kan ha svært mykje å seie for det ferdige resultatet.

Dra glidaren mellom eksempelbileta for å sjå forskjellen på tredelsregelen (blå linjer) og det gylne snittet (raude linjer).

Biletutsnittet bestemmer kvar fokuspunktet i biletet skal plasserast i biletruta. Fokuspunktet i biletet er den skarpe delen av motivet som blir framheva og får mest oppmerksemd i biletet. Det finst nokre grunnleggjande reglar for komposisjon som det er viktig å følgje.

Tredelsregelen og det gylne snittet

Tredelsregelen og det gylne snittet er to prinsipp for god og harmonisk biletkomposisjon. Tredelsregelen går i korte trekk ut på å dele biletflata inn i ni like ruter. Storleiksforholdet mellom linjene blir då 2 x 3. Det gylne snittet har same inndeling, men med eit litt anna storleiksforhold. Her vil den minste delen rette seg etter den største slik denne rettar seg etter den totale lengda. Då blir storleiksforholdet her meir i retning 3 x 5.

Du skal uansett plassere fokuspunktet ditt i eit av dei punkta der linjene kryssar kvarandre, heller enn i midten av biletet. Horisontar kan du leggje langs linjene. Det er vanleg at tilskjeringsverktøyet har hjelpelinjer for tredeling.

Luft i rørsleretninga

Har du eit motiv med leielinjer, må du vere merksam på korleis fokuspunktet blir plassert. Leielinjene skaper rørsle i eit bilete, slik at auga til publikum blir leidde mot høgre eller venstre. Døme på slike leielinjer kan vere ei peikande hand, ein bil i fart, ein horisont eller linjer av lys slik eksempelbiletet vårt viser. Har ein eit ansikt i motivet, vil ein gjerne plassere fokuspunktet slik at modellen får luft i blikkretninga. Då oppnår fotografen at publikum også får eit innblikk i kva modellen «ser etter».

Person i profil med lang nase der ordet «news» er skrive. Manipulert foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tilskjeringsverktøyet

Tilskjeringsverktøyet (eng. «Crop Tool») finn du sentralt plassert i verktøymenyen i dei fleste redigeringsprogram for bilete. Tilskjeringsverktøyet fungerer stort sett likt frå program til program. Du merkjer rett og slett det området i biletet du vil behalde.

Tredelsregelen og det gylne snittet i produksjon og produktutvikling

Her har du sett korleis du kan skjere til bilete for å lage eit betre utsnitt. Du kan bruke dei same prinsippa når du skal framheve noko i eit produkt, til dømes når du vil ha eit møbel i fokus i eit interiør, ein dekor i eit trebord, ein detalj i eit klesplagg eller ein edelstein i eit smykke. Det same gjeld når du produserer eit blomsterarbeid eller lagar ein frisyre. Du må ta stilling til storleiksforholda på produktet og plasseringa av dei ulike elementa innanfor dette formatet.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2022

Læringsressursar

Foto