Oppgave
Fotooppgåver (teoretisk)
Kva er eigentleg blendar, lukkar, ISO og brennvidder? Svar på desse oppgåvene om foto.
- Beskriv kva lukkartid er.
- Kva for knapp på kameraet må du bruke for å justere lukkaren?
- Kva for lukkartid du må bruke for å fryse ei rørsle?
- Kva for lukkartid må du bruke for å få slør-effekt?
- Beskriv kva brennvidde er.
- Anslå kor mykje du vil få med på eit bilete med 18 mm i brennvidde samanlikna med 100 mm viss du skal ta bilete av ei rekkje med ti personar og du står 2-3 meter unna.
- Beskriv kva blendaren gjer.
- Forklar blendaropning og blendartal.
- Korleis påverkar blendaropninga djupna i biletet?
- Bør du ha stor eller lita blendaropning når du skal ta eit portrettbilete? Grunngi.
- Bør du ha stor eller lita blendaropning når du skal ta eit naturfoto med mykje djupne og detaljar? Grunngi.
- Kva gjer ISO?
- Kva slags ISO bør du bruke om du tar bilete ute i skarpt dagslys?
- Kva slags ISO bør du bruke om du tar bilete inne og det er litt mørkt?
- Kva må du hugse på når du skal ta bilete i studio?
- Kva kamerainnstillingar bør du bruke når du skal ta portrettbilete i studio?
- Kva lyssetjingsteknikk(ar) kjenner du til når det gjeld studiofotografering?