Hopp til innhald
Øvelse

Asymmetrisk og symmetrisk balanse i foto

I denne øvinga skal du fotografere arkitektur i byen, tettstaden eller bygda der du bur. Kanskje har du eit spennande bygg, moderne eller gammalt, i nærområdet ditt? Bruk det gylne snittet eller tredelingsregelen for å skape symmetriske og asymmetriske komposisjonar.

Øving

Tema: arkitektur.

  1. Fotografer arkitektur i nærområdet ditt. Bruk det gylne snittet eller tredelingsregelen i utsnitta dine.

  2. Leit etter asymmetrisk og symmetrisk balanse i motiva du fotograferer.

  3. Legg fotoa inn i eit biletredigeringsprogram og teikn inn tredelingslinjene. Eller skriv ut bileta og teikn inn tredelingslinjene med tusj.

  4. Kva i motivet blir blikkfang, kvar er det plassert, og kvifor ser du dette først?

  5. Er fotoet i balanse? Kva skaper balanse i dei asymmetriske komposisjonane?




Relatert innhald

Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2022