Fotostyling
Du skal lage fire fotostylingar eller oppsett. Det vil seie at du skal lage små eller store utstillingar tilpassa oppdraget. Vel stil og målgruppe, før du eksperimenterer med fargar, komposisjon og biletutsnitt.
Du skal bruke ting du kan låne eller har heime. Finn ein eigna stad til oppsettet ditt. Det bør vere ein vegg bak, men du kan òg fotografere ute.
Del 1: Analyser oppdraget
Bestem kven som er kunden din, og korleis fotoa skal brukast. Vel ei målgruppe for ein fotokampanje, og finn ein stil som passar til målgruppa.
Del 2: Finn gjenstandar til utstillingane
Finn gjenstandar du vil ha med i utstillingane dine. Tenk på kva slags stil og stemning du vil oppnå. Følgjande element kan vere med:
- eit møbel
- ei grein
- ein vase, urne eller ei potte
- eit tekstil (til dømes eit stoff eller eit skjerf)
- bøker
- pyntegjenstandar
- rekvisittar
Ta gjerne med andre objekt eller byt ut nokon av elementa, alt etter kva du har tilgjengeleg.
Del 3: Eksperimenter og fotografer
Set saman ulike utstillingar. Lag spennande komposisjonar med høgdeforskjellar, linjer og grupperingar. Finn gjerne inspirasjon frå bilete i magasin eller på nettet.
Jobb med lys og skuggeverknader. Prøv ut dag- eller kveldslys og eksperimenter med ei lyskjelde. Du kan bruke ei enkel skrivebordslampe, lommelykt eller liknande.
Prøv ut ulike biletutsnitt og fotografer frå ulike vinklar og perspektiv. Ta mange bilete og vel kva du vil bruke etterpå.
Del 4: Rediger bileta
Jobb med ulike biletutsnitt, fargar og lys. Vel dei beste bileta frå fire ulike stylingar.
Del 5: Lag ein presentasjon av kvar av dei fire stylingane
Presentasjonen skal innehalde skildring av:
- målgruppa
- fargebruk
- komposisjonsprinsipp
- lys
- biletutsnitt