Hopp til innhald
Fagartikkel

Fagområde i eksponeringsdesign

Vi deler eksponeringsdesign inn i sals-, informasjons- og opplevingsutstillingar, fotostyling og styling av rom og scene. Grafisk design er òg ein viktig del av faget.
Video: Hilde Gullhaug Hennes / CC BY-SA 4.0

Salsutstillingar

Salsutstillingar har som mål å selje produkt og tenester for kundar ved butikkeksponering og vindaugsutstillingar.

Informasjonsutstillingar

Informasjonsutstillingar skal formidle ein bodskap eller informere om tenester.

Opplevingsutstillingar

Opplevingsutstillingar er utstillingar i rom. Det kan vere museumsutstillingar, messestandar og kunstutstillingar, eller at publikum blir presentert for eit bestemt tema.

Styling av rom og scene

Styling av rom og scene kan vere styling til eit arrangement, ein fest, eit jubileum eller eit teaterstykke. Oppdraget kan òg vere knytt til eit tema.

Fotostyling

Fotostyling går ut på å lage oppsett og stemningar med tanke på foto for kunde, annonsar eller butikkar.

Grafisk design

Grafisk design handlar om å utforme visuelle bodskapar ved bruk av form, fargar, visuelle element og tekst. Det er mange ulike teknikkar, og arbeidet med grafisk design inngår som ein viktig del av eksponeringsdesign.

Relatert innhald

Fagstoff
Grafisk design

Grafisk design handlar om å utforme visuelle bodskap ved bruk av form, fargar, visuelle element og tekst.

CC BY-SA 4.0Skrive av Torhild Dahl Enoksen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2020