Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Scenografi – byen

Du får i oppdrag å lage utkast til scenografi for eit lite teaterstykke. Handlinga er henta frå eit bymiljø, og det er fem skodespelarar med i framsyninga. Du vel sjølv eit tema for byen din, før du lagar moodboard, skisser og modell.
Modell av gatemiljø i ein storby. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Scenografi

Scenografi er heilskapen av utstyr, kulissar, kostyme og lys i eit teaterstykke eller ein film. Du får i oppgåve å utforme eit bymiljø som skal fungere på scena i ei lita teaterframsyning med fem skodespelarar.

Måla for scena er:

  • breidde: 9 meter
  • høgde: 7,5 meter
  • djupne: 7.5 meter

Scenografien skal innehalde:

  • eit gateparti
  • arkitektur
  • andre element frå byen

Tema:

Vel eit tema for byen din. Til dømes:

  • moderne
  • gammal
  • grøn by
  • storby

Fargeval:

Fargepaletten skal vere svart, kvit og gråtonar, i tillegg til ein farge som du kan velje sjølv.

Modell av et bymiljø i svart, kvitt og gult. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Idéutvikling

Moodboard

Du kan ta bilete til oppgåva sjølv, eller hente bilete du har lov til å bruke frå nettet. Lag eit moodboard i A3-format. Bileta kan brukast som element på scena.

Modell der bakgrunnsbileta viser eit bymiljø. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skisser

Teikn raske skisser og lag ein plan for scenografien. Hugs at du òg må ha ein spennande bakgrunn.

Vel ei av skissene og eksperimenter med ulike fargesamansetjingar.

Del 2: Modell

Lag ein modell av scena i målestokk 1 : 25.

Modellen blir laga i kapaplater, kartong og papir.

Del 3: Eigenvurdering

Har du fått fram uttrykket du ønskte i bymiljøet ditt?
Vurder det ferdige produktet og arbeidsprosessen din.

Dette skal du levere inn og stille ut på ein eigna stad:

  • skisser
  • moodboard
  • modell
  • eigenvurdering
CC BY-SASkrive av Torhild Dahl Enoksen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 06.06.2020

Læringsressursar

Eksponeringsdesignar