Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Håranalyse og dialog

Alle menneske har ulike ønske og behov når det gjeld val av frisyre. Øv på å finne ut kva slags hårtype kunden din har, og kva råd du vil gi ut frå det. Eit analyseskjema er eit godt verktøy når du skal undersøkje kvalitetane på håret og behovet til kunden.

Del 1: Undersøking og dialog

Gå saman to og to. Byt på å vere kunde og frisør.

Undersøking

Kunde får veiledning om hår. Foto.

Kunden sit på ein stol, medan frisøren står. Frisøren går gjennom heile håret for å undersøkje kva slags hårtype kunden har. Kjenn etter og beskriv korleis håret kjennest ut:

  • Er det glatt?
  • Er det mjukt eller hardt?
  • Er det tjukt eller tynt hår?
  • Er det lyst eller mørkt?
  • Korleis kjennest hårstråa ut?

Dialog

Medan du undersøkjer håret, skal du ha dialog med kunden. Finn ut kva kunden din har gjort med håret sitt tidlegare. Er håret langt, må du òg finne ut kva som er gjort dei siste åra.

  • Er håret farga?
  • Er håret stripa?
  • Har håret fått anna behandling?

Rettleiing

Det viktigaste spørsmålet er:

  • Kva ønske har kunden?

La svaret på dette vere utgangspunkt for råda du gir:

  • Kva slags frisyre kan passe denne kunden?
  • Kva type behandling tilrår du til kunden sin hårtype?

Del 2: Fyll ut analyseskjema

Bruk informasjonen frå del 1, og fyll ut analyseskjemaet.

Filer

Relatert innhald

Forma på eit ansikt varierer frå person til person og er med på å bestemme kva frisyrar som passar.

CC BY-SASkrive av Anita Nordtveit Ekrene og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Ekstern kommunikasjon