Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å skrive formelt og lett forståeleg

Når vi i jobbsamanheng skriv til kollegaer eller nokon utanfor bedrifta, er det ikkje nok at teksten er forståeleg for oss. Han må òg vere forståeleg for lesaren, og mottakaren må oppleve teksten som profesjonelt skrive. Her skal du vurdere og skrive om nokre tekstar slik at dei blir betre.
Nærbilete av eit utklipp frå ein tekst på latin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Å skrive til mottakaren

Ein mann held ein mobiltelefon med Nav-app utanfor eit Nav-kontor. Foto.

Nav har kontakt med mange menneske kvar dag, og mykje av kommunikasjonen går føre seg skriftleg. Dessverre har dei ikkje alltid hatt mottakaren i fokus. Under er eit døme på korleis misforståing mellom avsendar og mottakar (med ein omsetjingsapp i midten) gjorde at ein familie trudde Nav skulle drepe dei.

NRK: Familie trodde Nav skulle drepe dem

Les artikkelen og skriv ei kort beskriving av kva problemet til Nav var, og kva som var tiltaka deira for å forbetre situasjonen.

Oppgåve 2. Søknad om stilling

Under ser du starten på ein jobbsøknad som er vanskeleg å lese og sårt treng språkhjelp. Gå gjennom teksten og prøv å gjere han lettare å lese og meir passande for ein jobbsøknad.

Eg har sett jobbannonsen dykkar på finn.no og vil med denne søknaden uttrykkje ønsket mitt om å bli vurdert til stillinga de i Korreliz AS har lyst ut som juniormedarbeidar i den nye kommunikasjonsavdelinga som er i etableringsfasen i Stavanger. Eg har to års erfaring innan området med opparbeiding av gode evner i Photoshop, Premiere og Indesign og har ei genuin interesse for arbeidsfeltet. Hovudsakleg er fast stilling å føretrekkje, men å starte i ei mellombels stilling kan òg vere interessant. Vedlagt er min curriculum vitae.

Oppgåve 3. Svar på garantisak

Under ser du starten på eit avslag til ei garantisak. Denne teksten vil ikkje vere enkel å forstå for ein vanleg person. Gå gjennom og tilpass slik at teksten er forståeleg.

God dag Annette.
Takk for at du tok kontakt med oss, vi håper å kunne hjelpe deg i denne saka. Basert på samanstillinga di av hendingsgangen er det ikkje usannsynleg at handteringa av produktet kan ha vore medverkande til skadeførekomsten. Kjøpslova § 31 krev at kjøpar skal så snart han etter forholda har rimeleg høve til det, undersøkje gjenstanden slik god skikk tilseier. Sidan førespurnaden din kjem ein lengre tidsperiode etter vare innkjøp forvanskar dette situasjonen. Dette kombinert med at vi går ut frå at det ikkje er ein ubetydeleg risiko for at dette er tilfelle kan vi ikkje med godt samvit godkjenne søknaden din.

Oppgåve 4. Refleksjon

Dei to tekstane i oppgåve 2 og 3 hadde ulike svakheiter. List opp dei ulike typane svakheiter du fann, og vurder kva typar som var mest skadelege for at tekstane skulle vere tydelege og godt forståelege.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 03.02.2022

Læringsressursar

Ekstern kommunikasjon