Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Skranke til eit resepsjonsområde

Du får i oppdrag å designe ein skranke til eit resepsjonsområde. Vel eit kjent firma og undersøk profileringa deira. Korleis kan du tilpasse skranken til denne kunden? La ein berande idé få fram det spesielle med akkurat dette firmaet og lag forslag til ein ny resepsjon.
Skranke med Equinor-logo. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kunde

Du vel sjølv kva slags firma som skal oppgradere resepsjonsområdet sitt. Firmaet ønskjer å gi eit godt førsteinntrykk til alle som kjem inn i bygget. Resepsjonen skal gi eit signal til tilsette og besøkjande om at her tenkjer firmaet nytt og framoverlent. I tillegg skal designet vere estetisk og fint å sjå på.

Oppriss og sideriss av skranke. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målgruppe

Tilsette

Tenk gjennom kven som bruker bygget. Kva slags yrkesgrupper jobbar her? Firmaet ønskjer å profilere seg og vise seg frå si beste side, slik at alle skal kjenne seg stolte over eigen arbeidsplass.

Besøkjande

Kven besøkjer firmaet, utanom dei tilsette? Større bedrifter lèt gjerne tilsette ha inngangskort, slik at dei kan gå rett inn, mens andre besøkjande må registrere seg med namn og firma, og vente på å bli tekne imot av nokon som jobbar i bygget. Korleis kan resepsjonen ta imot besøkjande på ein god måte?

3D-printa skranke i svart, grått og kvitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Idé

Det skal vere ein overordna idé for utforminga av skranken. Dette kallast konsept. Idéen skal vere svært synleg i formspråket til skranken. Idéen skal passe til ønsket til kunden om å vere heilt i forkant når det gjeld innovativt design.

Utforming

Det er eit krav at resepsjonen utfyller krava for universell utforming. Set deg godt inn i kva universell utforming er, og pass på at det som gjeld for resepsjonsområde, blir vareteke.

Relatert innhald

Universell utforming er ein måte å planleggje og byggje opp samfunnet på slik at menneske med nedsett funksjonsevne blir ein del av samfunnet (integrert).

Visualisering

For å vise kunden korleis konseptet og skranken ser ut i inngangspartiet, lagar du ei perspektivteikning. I tillegg kan du lage ein modell av resepsjonsdisken som 3D-print av designet ditt, med verktøy som til dømes Tinkercad.

Modell av resepsjonsskranke med bølgjedekor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsmetode

Del 1: Utvikling av resepsjonsområdet

  1. Set deg godt inn i kva oppgåva går ut på. Hent spennande døme som kan inspirere deg til å få ein god idé til korleis resepsjonen kan utformast.

  2. Forklar tydinga av dei utheva orda:
    konsept, formspråk, innovativ og universell utforming.

  3. Lag eit moodboard som viser idéen din. Du kan ha med målgruppe og informasjon om firmaet i moodboardet, men det er idéen og konseptet ditt som skal kome tydelegast fram.

  4. Lag handskisser med kommentarar. Handskissene treng ikkje vere i målestokk.

  5. Noter viktige punkt du må tenkje på innan universell utforming.

  6. Teikn opp skranken i målestokk 1:25 (eller større.) Den skal teiknast som ei arbeidsteikning med mål. Det skal vere ramme rundt arket og tittelfelt nedst i høgre hjørne. Skranken kan teiknast for hand i front, plan og sideriss.

Skranke sett i front, plan og sideriss. Konstruksjonsteikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Presentasjon av løysing

  1. Lag eit miljøbilete med rom og skranke. Dette skal du teikne for hand og fargeleggje. Bruk planteikning og foto frå bygget. Gå på synfaring dersom det er mogleg. Tolk rommet med handteikninga di.

Forslag til resepsjonsskranke i blått, grønt og grått for Equinor, med logo på veggen bak. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. For ekstra visualisering kan du teikne skranken digitalt i til dømes Tinkercad og få han 3D-printa dersom du har høve til dette. Juster eventuelt storleiken. Ta bilete av prosessen og det ferdige resultatet.

Grå skranke med bølgjedekor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Vel eit presentasjonsprogram som eignar seg til å presentere prosjektet for kunden. Sett arbeidet ditt inn i presentasjonen, og planlegg korleis du skal leggje fram forslaget til ein ny resepsjon.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2021

Læringsressursar

Visualiseringsverktøy