Hopp til innhald

Fagstoff

Moodboard

Om du skal presentere ein idé, er det godt å ha visuelle hjelpemiddel å støtte seg til. Moodboard er inspirasjonskart som gir kunden eit betre inntrykk av kva visuell stil du ser for deg, enn om du forklarer det munnleg.
To moodboard. Det eine har bilete i jordfargar, mellom anna av ein stor A, bokstavar strødde på bakken, ein kaffekopp, nærbilete av metallgjerde og metallstenger. Det andre har bilete i sterke fargar, mellom anna av ei diskokule, folk som dansar og teksten Let's party. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Beskriv det du ser for deg

Å lage moodboard er ein ganske rask arbeidsmetode du kan bruke for å beskrive det visuelle universet du ser for deg. Dei fungerer som oppslagstavler der du set saman inspirasjon i form av ulike fargar, former, mønster, fontar, teksturar, layoutforslag, notat og bilete du meiner vil passe saman og fungere til jobben du skal gjere.

Tenk etter

I samband med kva type stader eller hendingar tenker du kvart av moodboarda over kunne vore nytta? Til dømes som utgangspunkt for ein plakat, ein meny eller ein reklamefilm?

Alt er lov

Som i anna idéarbeid er det lurt å starte med at "alt er lov". Etter kvart forkastar du det som ikkje passar, og vidareutviklar det beste. Ved hjelp av eit moodboard vil du oppdage kva som fungerer saman, og kva som ikkje vart slik du trudde.

Person står med ryggen til og studerer eit moodboard. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For at det skal bli bra, må du gå grundig til verket og sjekke at alt du tek med, passar inn og underbygger idéen din. Om noko verkar feil eller rart, bør du finne ut kvifor, ta det ut og leite etter ei erstatning.

Layoutprogram, nettverktøy eller klipp og lim

Du lagar lett eit moodboard i eit layoutprogram som du har installert på datamaskinen din, men det finst også ein del nettsider som tilbyr eigne verktøy for det. Hugs berre på at inspirasjon ikkje treng å komme frå nettet! Sjå deg rundt og ta bilete, teikn skisser, bla i magasin og legg merke til kva du liker.

Sidan det går raskt å lage eit moodboard, særleg om du gjer det digitalt, er det ikkje noko i vegen for å lage fleire samstundes og visualisere ulike retningar du kan tenke deg å gå i.

Kundekommunikasjon

Moodboard fungerer godt tidleg i ein idéprosess og gjer det lett å involvere kunden i avgjerder. Ved å vise fram ulike forslag, gjerne i samband med ein pitch, kan du få ei kjensle av om kunden er klar for litt leikne idéar, eller om du bør halde deg til eit meir konservativt design.

Det litt uferdige og røffe uttrykket til moodboard gjer det lettare for kunden å seie frå om det er noko dei ikkje liker. Når idéar blir forkasta tidleg i prosessen, fører det med seg mykje mindre frustrasjon enn om du hadde lagt ned mykje arbeid i idéutviklinga. Tenk deg kjensla av å ha brukt timevis på å perfeksjonere idéen din, for så å få beskjed av kunden om at dei ville føretrekt ein annan stil!

Tidleg kommunikasjon om det visuelle uttrykket kan hindre misforståingar og spare tid og pengar.

Personar som lagar moodboard ved å klippe, lime og skrive på store ark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 26.08.2022

Læringsressursar

Visualiseringsverktøy