Hopp til innhald

Fagstoff

Laug og handverksutdanning

Kva er eit laug, og kvifor har vi sveine- og meisterprøvar? Vi må tilbake til mellomalderen for å sjå korleis denne tradisjonen starta.
Loddebolt blir varma opp med propanflamme for å sveise saman delar til ein koparkuppel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mellomalder

I historia til Europa er det vanleg å kalle perioden mellom antikken og moderne tid for mellomalderen. Han blir rekna frå om lag år 500–1500.

Laug

Eit laug var det vi i dag ville kalla ei handverkarforeining. I mellomalderen måtte det vere minst fire handverkarar innan same fag for å kunne opprette eit laug. Lauget jobba for å sikre interessene til fagarbeidarane sine. Dei hadde klare reglar for kva slags utdanning ein måtte ha, korleis handverket skulle utførast og kva prisar bedriftene kunne ta. Dette gjorde at handverkarane fekk høgare status og meir makt i samfunnet.

I Noreg varte ordninga med laug frå mellomalderen og fram til 1800-talet. I 1839 kom ei lov som forbaud å opprette nye laug, og lauga vart heilt oppheva ved lovene av 1866 og 1875 (Dolven, 2019).

Handverksutdanning

Frå lærling til svein til meister

I perioden frå mellomalderen og fram til 1800-talet var det berre gutar som fekk utdanning i eit handverk. Dei starta som lærlingar hos ein meister. Etter ein fagprøve kunne dei avansere til sveinar. Opphavleg var svein eit ord for ein ugift ung mann, men no vart svein tittelen på medhjelparen til meisteren. Sveinane vart sende på studietur til Europa som ein del av opplæringa. Berre meistrar hadde rett til å starte eigen verkstad og kunne tilsetje lærlingar og sveinar. Ein svein kunne til slutt bli meister viss han bestod meisterprøven.

Ein tradisjon vi har teke med oss i yrkesfag

At ein meister lærer handverket vidare, er ein tradisjon vi har teke med oss. I dag kan du få fag- eller sveinebrev når du har fullført eit yrkesfagleg utdanningsprogram og vore lærling i ei bedrift. Etter at læretida er ferdig, kan du ta ein fagprøve eller ein sveineprøve. Når du har bestått denne, får du fag- eller sveinebrev. Viss du tek utdanning i eit av dei tradisjonelle handverksfaga, får du som regel eit sveinebrev. Innan dei fleste handverksfaga kan du ta vidare utdanning og oppnå meisterbrev.

Frisørlærling klipper håret til ein kunde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Kjelder

Dolven, A. S. (2019). Laug. I Store norske leksikon. Henta 22. februar 2020 frå https://snl.no/laug

Dolven, A. S. (2009). Svenneprøve. I Store norske leksikon. Henta 22. februar 2020 frå https://snl.no/svenneprC\\3B\\8ve

Håberg, K. R. (2006). Impulser. Design- og håndverkshistorie. Gyldendal Norsk Forlag AS.

Utdanning.no (2019). Fagbrev og svennebrev. Henta 22. februar 2020 frå https://utdanning.no/tema/nyttig_informasjon/fagbrev_og_svennebrev





CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 25.11.2023

Læringsressursar

Kultur og tradisjon