Hopp til innhald

Fagstoff

Kultur som utgangspunkt for nyskaping

Korleis kan kultur prege skapande arbeid? Ramona Irene Salo Myrseth er tekstilkunstnar og kles- og motedesignar. Ho representerer to kulturar og bruker dette innovativt. Samtidig legg ho vekt på berekraftig design.

Tenk over:

Kva inspirerer deg når du skal skape noko nytt?
Korleis pregar identiteten din uttrykket ditt?

Inspirasjon

Vi kan finne inspirasjon i naturen og frå miljøet rundt oss. Kulturhistorie kan inspirere oss, òg til å lage moderne uttrykk. Bevisst eller ubevisst tek vi med oss bakgrunnen vår inn i skapande arbeid.

Ofte blir vi meir kreative når vi jobbar saman med andre. Då kan vi få fleire impulsar og kan hjelpe kvarandre til å finne gode idear og løysingar. Vi kan òg bli inspirerte av korleis andre jobbar, til dømes av korleis Ramona Irene Salo Myrseth bruker kulturen sin som utgangspunkt for nyskaping.

Ramona Irene Salo Myrseth

Ramona Irene Salo Myrseth er ein ung designar som bruker samisk kultur i nye uttrykk. Ho er oppteken av økologi, berekraft og identitet. Fagområdet hennar er tekstil. Ho arbeider med tradisjonelt handverk på nye måtar, men bruker òg ny teknologi.

Salo Myrseth har teke master ved Kunsthøgskolen i Oslo. Avgangskolleksjonen hennar, «Den samiske halvtimen» (2018), handla om å formidle samisk kultur på ein ny og inkluderande måte. Etter dette fekk ho for årets nykomar. Juryen skreiv om Salo Myrseth:

Med eventyrlyst og dyp kjærlighet dykket hun ned i den samiske kulturen og skapte en kleskolleksjon med et personleg uttrykk som redefinerer det vi tenker på som «samisk», samtidig som den er tro mot røttene.

Sjølv seier Salo Myrseth at det var viktig for henne å fordjupe seg i noko som står hjartet hennar nær. «Samisk design har så mykje spennande å by på, berre tenk på tradisjonane og materiala», uttaler ho i eit intervju med kulturmediet Subjekt. Ho ønskjer å vise at samisk kultur er mykje meir enn den førestillinga som er skapt gjennom turisme og enkelte medium. Kulturen er rik, variert og i stadig utvikling. Ho seier at det kulturelle samiske feltet både er moderne og kult, og at det er god plass til mangfald i kulturen.

Tenk over:

Kva er viktig for deg i kulturen din?
Korleis kan du bruke kulturuttrykk som inspirasjon til produktutvikling?

Kjelder

Doga (2018). Ramona Salo Myrseth: Den samiske halvtimen. Henta 7. august 2020 frå https://doga.no/aktiviteter/dogas-priser/merket-nykommer/vinnere-av-doga-merket-nykommer/vinnere-av-doga-merket-nykommer-2018/den-samiske-halvtimen/

Relling, I. T. (2019). Subjektet. Jeg vil formidle min egen historie uten press om å skulle representere en hel kultur. Subjekt. Henta 7. august 2020 frå https://subjekt.no/2019/05/15/jeg-vil-formidle-min-egen-historie-uten-press-om-a-skulle-representere-en-hel-kultur/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 05.08.2020

Læringsressursar

Kultur og tradisjon