Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Bruk tradisjonshandverk i eit moderne interiør

Even Hansen viser korleis han kombinerer treskjering med digitale verktøy og nye materiale. Korleis kan du la den norske kulturarven prege interiøret? Vel eit produkt som er laga med tradisjonelle handverksteknikkar. Plassar dette inn i eit moderne interiør.

Tradisjon og nyskaping

I filmen over seier Even Hansen mellom anna:

Det er viktig at vi som utøver eit tradisjonshandverk er med på utviklinga i samfunnet, samtidig som vi tek vare på kulturarven vår [...]. Finn vi nye bruksområde, kan vi ta vare på tradisjonane og føre dei vidare.

Tradisjon, kultur og natur pregar trendbiletet. Vi har fått auga opp for det berekraftige og grøne. Kundane ønskjer i større grad kortreist design av god kvalitet, og vel det handlaga framfor det masseproduserte. Møblar av god kvalitet kan gå i arv frå generasjon til generasjon. Korleis kan du løyse oppdraget når kunden din ønskjer å integrere eit eldre møbel eller produkt i det moderne interiøret sitt?

Oppgåve

  1. Vel kva slags type rom du skal innreie, og kva for behov kunden din har.
  2. La deg inspirere av interiør som er prega av kulturarven vår. Korleis kan du plassere dette inn i eit moderne uttrykk?
  3. Lag eit stemningskart der du kombinerer møblar og produkt laga med tradisjonelle handverksteknikkar, med meir moderne interiørelement.
  4. Vel ut eit produkt som er laga med tradisjonelle handverksteknikkar, og lag eit materialkart der du integrerer dette.
  5. Visualiser eit løysingsforslag til kunden ved hjelp av planteikning, oppriss eller aksonometri av eit rom. Du kan teikne for hand eller velje eit digitalt program for å lage ein tredimensjonal modell.
  6. Bli samd med læraren din om korleis du skal dokumentere arbeidsprosess og presentere løysinga di.

Innlevering

  • stemningskart
  • produktkart
  • visualisering
  • eigenvurdering:
    • Vurderer korleis det tradisjonelle produktet fungerer i ein moderne samanheng, og kva du synest om det estetiske uttrykket.
    • Beskriv korleis du opplever kombinasjonen av tradisjon og nyskaping.
    • Korleis fungerer løysinga til behovet til kunden?
CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2020

Læringsressursar

Kultur og tradisjon