Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Agnar Mykle om einsemd

Novella "Skjenselens korinter" handlar om einsemd. I denne oppgåva skal du lese novella og sjå ein dokumentar om einsemd. Er det slik at einsemd er tabu i dag?

Del 1: Innafor – einsemd

A. Skriv om einsemd

Sjå dokumentaren "Ensomhet". Skriv deretter ein tekst der du reflekterer over spørsmåla under. Teksten skal vere anonym, og du skal dele han med dei andre i klassen:

  1. Synest du Vilde har grunn til å kjenne seg einsam?

  2. Meiner du at dokumentaren tek opp eit viktig problem?

  3. Når kjende du deg sist einsam? Kva var årsaka?

  4. Har du venner du kan snakke om kva du vil med?

  5. Kvifor trur du så mange synest det er skamfullt å snakke om einsemd?

Ei jente som ser dei andre gå langt framfor henne i skogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

B. Del med klassen

Be læraren lage eit hefte med dei anonyme tekstane dykkar. La alle elevane lese alle bidraga. Diskuter deretter:

  1. Var det noko av det de las frå klassekameratane dykkar som overraska dykk?

  2. Har de nokon gong snakka med andre om einsemd?

  3. Meiner de at einsemd er tabu? I så fall – kvifor?

  4. Vilde blir einsam fordi ho forlèt heimstaden sin etter vidaregåande. Er de engstelege for at noko liknande kan skje med dykk?

  5. Diskuter påstanden under:

    • Vilde er berre liksom-einsam. Dokumentaren viser ikkje kva ekte einsemd eigentleg er.

Del 2: "Skjenselens korinter" av Agnar Mykle

Agnar Mykle sit på restaurant, pratar og røykjer. Foto.

No skal de lese novella "Skjenselens korinter" av Agnar Mykle. Novella handlar om ein ung gut som må feire nyttårsaftan med veslebroren sin på 10 år, medan han i verkelegheita lengtar etter noko heilt anna.

Du finn novella på s. 5–24 i En mann og hans vask på Nasjonalbiblioteket

A. Svar på desse spørsmåla etter at du har lese (hugs å grunngi alle svar med tekstsitat):

  1. Kvifor er hovudpersonen så misnøgd med tilværet?

  2. Kva lengtar han etter?

  3. Kvifor oppsøkjer han båtane og folkemassen på kaia?

  4. Kvifor trur du han blir så sint på slutten av novella?

  5. Får du sympati med hovudpersonen? Eller synest du åtferda han viser mot veslebroren sin er heilt uforståeleg? Grunngi svaret ditt.

  6. Kva meiner du er temaet i novella?

Unge kinesarar dansar på ein karaokebar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

B. Diskuter med ein medelev

Samanlikn svara dykkar over.

C. Forma til novella

  1. Les dei to første sidene. Kva synsvinkel er novella fortald i?

  2. Beskriv korleis novella er bygd opp. I forklaringa di skal du bruke orda notidshandling, tilbakeblikk, tankereferat, ytre handling, handlingsreferat og replikkar.

  3. På side 21 får vi ei skildring av Svein som gjer at vi får sympati med han. Finn døme på dette og bruk fagomgrep for å vise korleis forfattaren skaper denne sympatien.

  4. Les scenen på side 22–23 nøye. Kva kjensler vekkjer denne scenen i deg? Klarer du å forklare, med minst eitt fagomgrep om Mykles skrivestil, kva som er årsaka til at kjensla blir vekt?

  5. Slutten er litt gåtefull. Korleis tolkar du denne?

Litt hjelp på vegen?
  1. Legg merke til korleis forteljaren i novella ser på dei to brørne utanfrå på den første sida i novella, medan synsvinkelen gradvis blir lagt til hovudpersonen.

  2. I første del av novella ser gutane på båtane som kjem. Kva forhold er det mellom den ytre handlinga (det som skjer) i novella og tankereferata og tilbakeblikka. Og kva funksjon har replikkane til veslebroren i novella?

  3. Legg merke til korleis Sveins barnlege uskyld blir beskriven. Vis korleis den ytre personskildringa av auga og handlingane skaper sympati.

  4. Her blir det individuelt kva kjensler som blir vekte i lesaren. Men legg merke til kontrasten mellom skildringa av tankane til storebroren og gleda til veslebroren. Kva funksjon har dette?

D. Aktuell i dag?

Diskuter novella i grupper. Reflekter over desse spørsmåla:

  • Er temaet i denne novella likte aktuelt i dag som på 1950-talet? I så fall – kvifor (ikkje)?

  • Korleis ville livet til hovudpersonen vore om han levde i dag? Grunngi svaret.

E. Eit brev frå storebror til veslebror

Førestill dykk at hovudpersonen i novella vil unnskylde handlinga si for veslebroren ved å skrive eit brev til han. Kva hadde han skrive? Skriv brevet.

Gut skriv brev med ein kulepenn på eit kvitt papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Mange unge kjenner på einsemd, men ikkje så mange snakkar om det. Kva er eigentleg einsemd? Korleis påverkar einsemd oss, og kva kan vi gjere med det?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2022

Læringsressursar

Realistisk litteratur 1945–1980