Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tung tids tale i to ulike kontekstar

Diktet "Tung tids tale" av Halldis Moren Vesaas blei skrive under andre verdskrigen. Under koronaepidemien brukte Yrkesorganisasjonenes sentralforbund diktet i ein kampanje. Kva er det med diktet som gjer det aktuelt når Noreg hamnar i kriser?

Del 1: Tung tids tale i koronakrisa

Sentralforbundet til yrkesorganisasjonane (YS) er ein organisasjon med over 200 000 medlemmer. Mange av medlemmane jobbar i såkalla samfunnskritiske yrke. Då landet blei stengt ned på grunn av koronautbrotet i 2020, lanserte YS videoen over.

A. Førsteinntrykk

Sjå filmen frå Yrkesorganisasjonenes sentralforbund over. Diskuter deretter i par:

  1. Kva er førsteinntrykket dykkar av tekst og film? Kva vil denne filmen fortelje deg?

  2. Forstår de diktet som blir lese opp? Kva er bodskapen i det?

B. Ein gong til

Jobb i par:

  1. Sjå filmen ein gong til. Ha samtidig diktet "Tung tids tale" framfor dykk. De kan finne det på side 61 i samlinga Tung tids tale: dikt på nb.no.

  2. Skriv ned med eigne ord det de meiner er temaet/bodskapen i diktet.

  3. Diktet er bygd opp rundt ein sentral metafor. Kva for ein? Og kvifor nettopp denne?

  4. Legg merke til dei personlege pronomena i diktet. Strek under dei og diskuter kva funksjon dei har.

  5. Stemma i diktet snakkar direkte til eit "du". Kven meiner de dette er når de ser filmen frå YS?

  6. Kvifor trur de nettopp dette diktet, frå 1945, blei brukt i kampanjen frå YS då Noreg stengde ned?

Del 2: Tung tids tale under krigen

Nærbilete av Halldis Moren Vesaas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter i grupper

  1. Vurder diktet til Halldis Moren Vesaas i den konteksten det kom ut i. Kva bodskap trur de ho ønskjer å formidle til det norske folket i 1945?

  2. Samanlikn krigen og koronakrisa som kontekst for diktet. Kva likskapar ser du mellom 1945 og 2020?

Relatert innhald

Kampdikta på 30- og 40-talet hadde fast rim og rytme. Dei åtvara mot fascismen og skulle motivere mot nazistane.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022

Læringsressursar

Realistisk litteratur 1945–1980