Du er no inne i ein læringssti:
Gå i djupna på Peer Gynt
Første handling i Peer Gynt
Del 1: Kortversjonen av første handling
Sjå animasjonen av første del av Peer Gynt (over).
Del 2: Les i grupper
No skal de øve de på å lese sentrale delar av første handling. De skal først øve i grupper, deretter skal kvar gruppe framføre framfor klassen. De finn teksten vedlagt i Word-filer nedanfor.
Til læraren
Nokre elevar hatar å stå framfor klassen. Spør dei om dei kunne tenkje seg å delta i anonyme roller som "flokken", "nokon" eller "andre". Viss dei framleis helst vil sleppe, la dei lese teksten medan dei andre øver. Ingen bør tvingast til å stå framfor klassen viss dei ikkje vil.
Dei sentrale scenene og rollene er:
Scene 1: Bukkerittet med Mor Åse og Peer Gynt
Scene 2: Hægstadjenta med Mor Åse og Peer Gynt
Scene 3: Første møte med Solveig med Peer Gynt, ein mann, ein annan mann, kjøkemester, Solveigs far
Scene 4: Fest på Hægstad med Peer Gynt, ei jente, ein mann, ein liten flokk, ein i flokken, ein gut, ei stemme frå flokken, "nokon"(Her kan store delar av klassen vere med i "flokken".)
Scene 5: Bruderovet med Mor Åse, Peer, smeden, "nokon", "andre", brudgommen, faren, Hægstadbonden (Også her kan fleire vere med.)
Filer
- Scene 1 Bukkerittet(DOCX)
- Scene 2 Hægstadjenta(DOCX)
- Scene 4 Fest på Hægstad(DOCX)
- Scene 5 Bruderovet(DOCX)
Del 3: Korleis er Peer?
Diskuter i grupper kva inntrykk de får av karakteren Peer Gynt etter å ha framført og sett dei sentrale scenene. Ein på gruppa noterer ned minst fem trekk som de synest karakteriserer Peer.
Gå gjennom i plenum og skriv karaktertrekka som alle gruppene oppgir på tavla.
Del 4: Løyndommen bak Peer Gynt
Sjå dokumentaren Hemmeligheten bak Peer Gynt frå 21:28 til 26:00.
Denne delen handlar om første handling. Animasjonen på toppen kjem igjen her, men det gjer ikkje noko å sjå han ein gong til.
Diskuter i plenum:
Kva spørsmål og teoriar om Peer Gynt blir lansert av programleiaren og ekspertane?
Er de einige i tolkingane deira? Grunngi svaret.
Relatert innhald
Ei innføring i dramaet Peer Gynt, som skal hjelpe deg før du set i gong med lesinga.
Sjå eller dramatiser andre og tredje handling i Peer Gynt.