Oppgåveforslag til fagartikkelen
Oppgåve 1. Om far og son-forholdet i to tekstar
Vedlegg:
Karl Ove Knausgård: Utdrag frå Min kamp 4 (2011)
Utdrag frå Sagaen om Gunnlaug Ormstunge (nedskriven på 1200-talet)
Skriv ein fagartikkel der du drøftar korleis forholdet mellom far og son blir framstilt i dei to utdraga. Grei i tillegg ut om den kulturhistoriske konteksten til tekstane.
Kommentar: Du skal både vise korleis far- og son-forholdet blir framstilt i tekstane og reflektere over korleis dei er prega av tida dei kom ut i. Du bør òg samanlikne tekstane.
Forstå vedlegga
Om du vel denne oppgåva, bør du gjennomføre les og forstå-oppgåva "Karl Ove, Gunnlaug og fedrane deira" før du set i gong med skrivinga.
Relatert innhald
Oppgåve 2. "Memento Mori"
Vedlegg
Dorothe Engelbrektsdotter: "Aftensalme" (1678)
Henrik Wergeland: "Til foraaret" (1845)
Karl Ove Knausgård: Utdrag frå Min kamp 1 (2010)
Skriv ein fagartikkel der du drøftar korleis døden blir framstilt i dei tre utdraga. Grei i tillegg ut om den kulturhistoriske konteksten til tekstane.
Kommentar: Du skal både vise korleis døden blir tematisert i tekstane og reflektere over korleis dei er prega av tida dei kom ut i. Du bør òg samanlikne tekstane.
Forstå vedlegga
Om du vel denne oppgåva, bør du gjennomføre les og forstå-oppgåva "Min kamp, Aftensalme og Til Foraaret" før du set i gong med skrivinga.
Relatert innhald
Oppgåve 3. Mennesket og naturen
Vedlegg
Anne Sverdrup-Thygeson: "Hvorfor være inne når alt håp er ute?" Utdrag frå På skuldrene til naturen (2020)
William Wordsworth: "Naturen er din mester" (1798)
Skriv ein fagartikkel der du drøftar korleis forholdet mellom mennesket og natur blir framstilt i dei to utdraga. Grei i tillegg ut om den kulturhistoriske konteksten til tekstane.
Kommentar: Du skal både vise korleis temaet menneske og natur blir tematisert i tekstane og reflektere over korleis dei er prega av tida dei kom ut i. Du bør òg samanlikne tekstane.
Forstå vedlegga
Om du vel denne oppgåva, bør du gjennomføre les og forstå-oppgåva "To tekstar som lokkar deg ut i naturen" før du set i gong med skrivinga.