Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Min kamp, Aftensalme og Til Foraaret

Somme tema går aldri ut på dato. Kva er det vi menneske alltid må ha eit forhold til? Noko som både ein kvinneleg salmeforfattar på 1600-talet, ein romantisk poet og ei litterær superstjerne på 2000-talet skriv om? Jo – døden.

Oppgåve

Del 1: Teikn døden

Døden er eit vanleg motiv i biletkunsten. Dersom du fekk oppdraget om å teikne døden – korleis ville du ha gjort det?

  1. Prøv deg: teikn døden.
  2. Samanlikn teikninga di med teikningane til andre i klassen og diskuter korleis de har framstilt døden. Legg merke til:

    • Laga de nokon "omskrivinger" av døden? Eit døme på ei kjend omskriving er mannen med ljåen.
    • Fekk nokon av teikningane fram personlege kjensler? Mannen med ljåen får til dømes fram ei kjensle av frykt.

Del 2: Knausgård og døden

Noreg har fått ei litterær superstjerne: Karl Ove Knausgård. Han har blitt verdskjend etter å ha gitt ut seksbindsverket Min kamp. No skal de lese dei første sidene i den første boka.

Relatert innhald

Diskuter i klassen:

  1. Likna Knausgårds framstilling av døden på nokon av teikningane dykkar?
  2. Korleis ville Knausgård ha teikna døden, meiner de? Grunngi svaret ved å vise til sitat i teksten.
  3. Kva meiner forteljaren er underleg med Vesten sitt forhold til døden?
  4. Diskuter dette utdraget frå teksten. Er de einige med forteljaren? Grunngi svaret dykkar.

Den læreren som får slag i skolegården, behøver ikke nødvendigvis å kjøres bort umiddelbart, det skjer ingen skade om han blir liggende der til vaktmesteren har tid til å ta hånd om ham, selv om det så ikke er før utpå ettermiddagen eller kvelden en gang. Om en fugl skulle sette seg og hakke på ham, hva spiller det for rolle?

Del 3: Dorothe Engelbrektsdotter og døden

No skal vi gå fleire hundre år tilbake i tid – til 1600-talet. I 1678 gav Dorothe Engelbrektsdotter ut samlinga Siælens song-offer, og her finn vi det mest kjende diktet hennar: "Aftensalme".

Relatert innhald

Utdrag frå teksten «Afften Psalme» av Dorothe Engelbretsdotter.

  1. Les diktet høgt i klassen. De kan gjerne veksle på å lese ei og ei strofe.
  2. Skriv ned eitt ord som de synest beskriv det diktet handlar om. Samanlikn med det dei andre i klassen har skrive. (NB! Det er ikkje lov å berre skrive "døden".)
  3. Vel ei av oppgåvene under:

    • Teikn diktet – anten som ei enkeltståande teikning, eller som ein teikneserie.
    • Skriv 8–10 setningar om korleis livet, døden og Gud blir framstilte i diktet.
  4. Peik på to verkemiddel de meiner Engelskbrektsdotter bruker i diktet. Samanlikn med svaret til ein annan elev.
  5. Samanlikn "Aftensalme" med utdraget frå Min kamp 1. Peik på både likskapar og forskjellar.

Del 4: Henrik Wergeland og døden

Henrik Wergeland er den mest kjende romantiske diktaren vår. Han døydde ung, berre 37 år gammal. Det siste året låg han til sengs med tuberkulose, men skreiv likevel mange dikt. Somme av desse handla om døden som han visste venta han.

Mange synest det kan vere vanskeleg å forstå Henrik Wergeland. Årsaka er naturleg nok at språket er nesten 200 år gammalt, men òg at han bruker mange språklege bilete. Vi prøver oss her på ein metode som kan hjelpe alle i klassen til å forstå teksten.

Relatert innhald

Diktet "Til foraaret" av Henrik Wergeland, utgitt i Morgenbladet i 1845.

Gå saman to og to:

  1. De skal skrive om diktet til moderne norsk. Diktet skal sjå heilt likt ut, med same oppdeling i verselinjer og strofer. Dei vanskelege orda kan de finne ut av ved å bruke Bokmålsordboka og Naob.no
  2. Les om anemonar, leirfivel, løvetann og svaler. Kva har dei med våren å gjere? Lim gjerne inn bilete av desse under dikta.
  3. Skriv ned alt de ikkje forstår under diktet.

Somme av orda vil de ikkje finne fordi dei står på dansk. Her er søkjeorda:

  • Foraar: forår
  • Vidn: vitne
  • Løvetand: løvetann
  • Leerfivel: leirfivel
  • Løn: lønn (eit tre)

I plenum:

  1. Då de jobba i par, skreiv de ned alt de ikkje forstod. Diskuter med klassen: Klarer de saman å forstå motivet i diktet til botnars?
  2. Kva forhold har det lyriske eget til døden? Grunngi ved å vise til eit sitat.
  3. Bli einige om det de meiner er dei to viktigaste verkemidla i diktet.

Del 5: Samanlikn tekstane

Sit i grupper:

No skal de samanlikne dei tre tekstane. Éin er sekretær og skriv ned alle innspela. De kan lage dykk eit eige dokument, eller fylle ut det under.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2021

Læringsressursar

Memento mori