Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis skrive ryddige avsnitt?

I denne oppgåva skal de lære nokre magiske, men enkle triks for å lage ryddige avsnitt.

Del 1. Eit godt avsnitt?

  1. Under ser de eit avsnitt om lesing. Jobb i par, og kommenter språk, innhald og samanheng i teksten.

  2. Kva endringar ville de ha gjort for å lage eit betre avsnitt?

Lesing er veldig viktig, lesing utviklar fantasien. Vi ser for oss bilete, indre bilete som gjer oss meir fantasifulle. Vi blir meir empatiske, vi forstår kjenslene til karakterane. Vi blir flinkare til å skrive når vi les, ordtilfanget aukar.

Video om avsnittsbygging skal inn her.

Del 2. Korleis lage ryddige avsnitt?

Sjå videoen om avsnittsbygging ovanfor. Diskuter deretter følgjande spørsmål:

  1. Bruker de nokon av desse prinsippa i eiga skriving?

  2. Kva tips for avsnittsbygging syntest de var gode og ønskjer å overføre til eiga skriving?

Del 3. Rydd opp i eit dårleg avsnitt

Peder har fått i oppgåve å skrive ein fagartikkel om korleis enkeltindivid kan påverke klimaet. Han ønskjer å skrive eit avsnitt om kor lurt det er å køyre tog i staden for bil eller fly. Poenga hans er gode. Han vil nemleg seie at:

  1. vi bør køyre med tog fordi det ikkje slepper ut CO2

  2. tog ikkje produserer mikroplast eller eksos

  3. på toget slepper du kø

Men Peder slit med avsnittsbygging. Berre sjå her:

Det er veldig lurt å køyre tog. Tog slepper ikkje ut CO2 sånn som fly og buss, det er elektrisk. CO2 forureinar miljøet. Mikroplast er eit problem i samfunnet i dag. Bildekk produserer mikroplast og eksos. Havet er fullt av mikroplast. Som vi får i oss. Når du køyrer bil til byen sit du mykje i kø. På toget kan du jobbe, slappe av og lese ei bok.

Oppgåve: Skriv om avsnittet til Peder slik at det får ein betre struktur. Bruk prinsippa om avsnittsbygging frå videoen.

Kvinne byggjer målkurve med klosser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Løysingsforslag

Tog er eit lurt val viss du vil leve miljøvennleg. Først og fremst så slepper ikkje tog ut CO2, slik fly og buss gjer. Årsaka er at buss og fly stort sett bruker bensin, mens tog er elektrisk. Auka utslepp av CO2 er nemleg ei av dei viktigaste årsakene til klimaendringar. I tillegg er dekka til bilar og bussar ei av dei viktigaste kjeldene til mikroplast i naturen. Denne mikroplasten får fisk i seg, og når vi et fisken, får også vi mikroplasten i oss. Eit siste argument for å ta toget er at du slepp kø. Det er kanskje ikkje eit miljøvennleg argument, men er det ikkje betre å slappe av og lese ei bok eller sjå på naturen enn å sitje i kø og sjå hundrevis av andre bilar framfor seg?

Del 4. Skriv eit avsnitt i klassen

Finn eit tema de vil skrive om i klassen. Dette temaet skal alle i klassen skrive eit avsnitt om. Bli einige om to–tre argument som skal byggje opp avsnittet.

A. Skriv deretter kvart dykkar avsnitt med:

  • ei temasetning som gjer det tydeleg kva avsnittet skal handle om

  • kommentarsetningar som gir meir informasjon om temaet

  • setningsbindarar og frasar som knyter saman setningane

  • ord som ordnar avsnittet for lesaren og viser når eit nytt moment i avsnittet kjem

B. Byt avsnitt

Byt avsnitt med ein medelev. Les og marker avsnitta til kvarandre på denne måten:

  • Strek under temasetninga.

  • Marker dei ulike delane (momenta) av avsnittet i ulike fargar, slik det blei vist i videoen.

  • Marker setningsbindarar med tjukk skrift.

C. Diskuter avsnitta

Sett deg saman med den du bytte avsnitt med. Diskuter avsnitta de har skrive. Kva fungerer bra, og kva kunne ha vore betre?

Relatert innhald

Det er viktig å bruke eit variert språk når du skriv kreativt. Denne oppgåva viser kvifor det er viktig. Her er det lov til å bruke synonymordbok.

Er du ein setningsstablar? Sjå ein film om fenomenet, og øv deg på å lage gode setningar med setningskoplingar og variasjon i setningslengda.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2022

Læringsressursar

Bli ein betre skrivar