Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skap samanheng i teksten din

Å skrive eit avsnitt som heng saman, er det same som å skape meining. Kva prinsipp bør du følgje for å skape ein logisk samanheng i avsnittet ditt?

Oppgåve 1

Sjå på avsnitta under. Det er to ulike avsnitt i ein tekst som skal drøfte fordelar og ulemper med sosiale medium. Setningane er velformulerte. Likevel er det dårleg samanheng i det første avsnittet, men god i det andre. Kan du forklare kvifor?

Avsnitt 1

Anja legg ein dag ut eit bilete av seg sjølv medan ho er på fest med alle dei kule venninnene sine. Dette ser Siren, men ho er ikkje invitert. Eit døme på sosiale medium er Snapchat. Slik blir kjensla av utanforskap forsterka. Ei av ulempene med sosiale medium er at det du gjer, er synleg for alle. For mange ungdomar fører det til stress, fordi det blir så synleg at dei ikkje er med i gjengen.

Avsnitt 2

Ei av ulempene med sosiale medium er at det du gjer, er synleg for alle. For mange ungdomar fører det til stress, fordi det blir så synleg at dei ikkje er med i gjengen. Eit døme på sosiale medium er Snapchat. Til dømes legg Anja ein dag ut eit bilete av seg sjølv på Snapchat medan ho er på fest med alle dei kule venninnene sine. Dette ser Siren, men ho er ikkje invitert. Slik blir kjensla av utanforskap forsterka.

Svar

I det første avsnittet følgjer ikkje setningane i logisk rekkjefølgje. I det andre avsnittet gjer den som skriv, først klart kva avsnittet skal handle om (temasetning). Deretter kjem døme og til slutt ein konklusjon. Det skaper ein logisk samanheng internt i avsnittet.

Tre råd for å lage gode avsnitt

Oppgåve 2

No skal du prøve å ordne setningane i eit avsnitt etter prinsippet det viktigaste først.

Del 1

Under ser du eit avsnitt i ein tekst som drøftar fordelar og ulemper med sosiale medium. Avsendaren ønskjer å få fram at ein fordel med sosiale medium, er at du kan ha kontakt med menneske over heile landet.

Kva rekkjefølgje vil du setje setningane i? I snakkebobla skal du skrive inn grunngivinga for plasseringa.

Del 2

Prøv deg på det same prinsippet i eit analyseavsnitt:

Løysingsforslag

Avsnitt 1

(1: Ein fordel med sosiale medium er at du kan få kontakt med ungdomar over heile landet. Slik kan du finne vener du har meir felles med enn berre dei som bur på heimplassen din.) (2: Kanskje er Petter (17) ekstremt interessert i japanske mangateikneseriar? Dessverre er ingen andre i den vesle bygda med 1000 innbyggjarar det same. Då kan Petter finne likesinna på sosiale medium.) (3: Dette kan skape venskapsband på tvers av kommunegrenser, og kanskje kjenner ein seg mindre aleine?)

Avsnitt 2

(1: Det viktigaste verkemiddelet i lesarinnlegget er verdiladde ord. Avsendaren bruker positivt verdiladde ord når ho skriv om sin eigen innsats for klimaet.) (2: Når ho omtaler innsatsen til dei andre partia, har orda negativ verdi. Til dømes beskriv ho eigen politikk med orda "grøn", "berekraftig" og "visjonær". Dei politiske måla til dei andre partia meiner ho er "gammaldagse", "fossile" og "mellomalderske".) (3: Desse orda skal påverke kjenslene til lesarane og få oss til å røyste på henne ved valet.

Oppgåve 3

Jobb saman to og to. Avsnittet under om berekraftig livsstil kan bli betre om de endrar på rekkjefølgja på setningane. Korleis vil de gjere det? Set inn setningsbindarar om det trengst.

Eit tiltak som kan hjelpe, er kjeldesortering. Det er viktig å kaste plast og papir i riktige boksar. Eit tiltak fleire peikar på, er å ete mindre kjøt. Kjøtproduksjonen skaper enorme mengder metangass. Alt i alt er dette viktige tiltak for å leve meir berekraftig. Det er mange måtar enkeltindivid kan bidra på for å redde jorda.
Løysingsforslag
1) Det er mange måtar enkeltindivid kan bidra på for å redde jorda. 2) Eit tiltak fleire peikar på, er å ete mindre kjøt. Kjøtproduksjonen skaper nemleg enorme mengder metangass. Eit anna tiltak som kan hjelpe, er kjeldesortering. Det er viktig å kaste plast og papir i riktige boksar. 3) Alt i alt er dette viktige tiltak for å leve meir berekraftig.
  1. temasetning som presenterer emnet i avsnittet
  2. kommentarsetningar med konkrete døme
  3. oppsummerande avslutning

Oppgåve 4

Sit saman to og to. De skal ha kvar dykkar PC/kvart dykkar ark framfor dykk.

No skal de skrive to avsnitt om mobilbruk i skulen:

  • Person 1 lagar ei temasetning som argumenterer for at mobil bør vere lov å bruke i skuletida.
  • Person 2 lagar ei temasetning som argumenterer mot at mobil bør vere lov å bruke i skuletida.

Byt PC

  • No skal de halde fram med å skrive ei kommentarsetning til temasetninga til sidemannen.

Byt PC kvar gong de er ferdige med ei setning. Til slutt skal de sitje igjen med to ferdige avsnitt: Eitt som argumenterer for mobilbruk i skulen og eitt som argumenterer mot.

Pass på:

Kvar gong de byter PC, må de lese gjennom heile avsnittet på nytt. Pass på at setningane heng logisk saman. Om du meiner avsnittet er i ferd med å bli uklart, må du diskutere med sidemannen kva de kan gjere for å forbetre det.

Til slutt:

Byt avsnitt med eit anna par i klassen. Kommenter den logiske samanhengen i kvarandre sine avsnitt. Peik på både det som er bra og det som kunne vore betre.

Oppgåve 5

  1. Oppsummer det du har lært om avsnittsoppbygging etter å ha jobba med denne ressursen.
  2. Vil du gjere nokon endringar i ditt eige språk for å bli ein betre skrivar?
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.11.2019

Læringsressursar

Bli ein betre skrivar