Er du ein setningsstablar?
Jobb i par, og sjå på setningane under. Finn de ut kva den som har skrive desse, gjer gale?
Henrik Ibsen skreiv dramaet Et dukkehjem i 1897, han blei veldig kjend for stykket.
For å bli betre til å skrive må du øve mykje, det er viktig å skrive godt for å få gode karakterar.
Ivar Aasen er nynorskens far, han reiste rundt i store delar av Noreg for å lage eit nytt skriftspråk.
Døden er eit mysterium, spørsmålet om kva som kjem etter livet veit vi ikkje svaret på.
Sjå filmen om setningsstabling øvst. Diskuter deretter:
Forstod de kva setningsstabling var?
Trur de at de er setningsstablarar?
Sjå gjennom den siste teksten du skreiv. Finn du døme på setningsstabling?
Jobb i par, og skriv om dei fire setningane i del 1 etter desse prinsippa frå filmen:
Heilsetningar skal ikkje skiljast med komma. Bruk punktum i staden.
Bruk ein setningskoplar i starten av setninga for å skape flyt.
Eit godt råd for å skape eit spennande språk er å variere setningslengda. Du treng altså ikkje alltid å bruke punktum mellom setningar, men du kan bruke bindeord og lage lengre setningar.
A. Tre kommareglar du må kunne
NB! Lær deg dei tre aller viktigaste kommareglane. Det er essensielt for å binde saman setningar på rett måte.
B. Fiks fem dårlege setningar
Under ser du fem dårlege setningar. Gjer dei gode ved å variere setningslengda og bruke rett teiknsetting og bindeord.
Boka handlar om Gunnlaug Ormstunge, ho har handling frå vikingtida, han utfordrar ein mann som heiter Ravn til holmgang.
Forholdet mellom far og son var dårleg, han kalla sonen for ein feiging, å bli kalla feiging er ikkje noko særleg.
Noreg deltok ikkje i første verdskrigen, dei var med i andre verdskrigen, heldigvis på rett side og vann.
Viss du vil bli god til å skrive må du øve, faktisk er det sånn at når du øver mykje og får framgang vil du plutseleg kunne oppleve skriveglede, kanskje du merkar det neste gong du skal levere inn noko?
Vigdis Hjorth er kjend for å skrive røyndomslitteratur. Som betyr å skrive romanar som handlar om verkelege hendingar. Som nokre av personane som blir skildra i boka kan reagere på.
Relatert innhald
Det er viktig å bruke eit variert språk når du skriv kreativt. Denne oppgåva viser kvifor det er viktig. Her er det lov til å bruke synonymordbok.
Sjå ein film om skriveferdigheiter, og les essayet "Å skrive er å tenke" av Toril Moi. Har du forstått kor viktig det er å skrive godt?