Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis gå i djupna på tekstar med diskursanalyse?

Diskursanalysar bruker teoriar om diskurs til å sjå på korleis språk og tekst påverkar måten vi forstår verda på. Kunnskap om dette gir deg eit kritisk blikk på korleis tekstar er ein del av ein større kontekst.

Kvifor lære om diskursanalyse?

Diskursanalysen er "neste steg" på vegen etter å ha lært om kairos og den retoriske situasjonen. I retorikken er vi opptekne av ein spesifikk tekst og omstenda rundt han. I analysen av den retoriske situasjonen til ein tekst beskriv vi kva som er det påtrengjande problemet, kven som er det retoriske publikummet, og kva for tvingande omstende som ligg til grunn for teksten og utforminga av han.

Vi kan seie at ein diskursanalyse utvidar kva som er kontekst og ser på alt som kan ha påverka den retoriske situasjonen. I diskursanalysen ser vi nemleg på korleis kulturelle og sosiale faktorar påverkar kva ord og argument sendar bruker i ein tekst. Gjennom ein slik analyse kan du forstå kva normer, ideologiar og maktstrukturar som påverkar både avsendar og mottakar av teksten.

Raudhåra jente held opp eit ark med emneknaggen #METOO. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Les meir om kva ein diskurs er i artikkelen "Kva er ein diskurs?" under.

Relatert innhald

Kva betyr omgrepet diskurs, og korleis bruker vi det i møtet med ulike tekstar?

Kritisk diskursanalyse: tre nivå

Målet med ein diskursanalyse er generelt sett å sjå etter mønster i måtar å omtale eit fenomen på – såkalla diskursar – ved å sjå teksten i kontekst. Kritisk diskursanalyse er i tillegg oppteken av korleis sosial praksis og ideologi både påverkar og blir påverka av språket.

Teksten

Her handlar det om å sjå på korleis konkret språkbruk skaper bestemde perspektiv på verkelegheita:

  • Korleis er teksten sett saman av ulike element og modalitetar?

  • Korleis blir identitetar, menneske og grupper representerte gjennom språket og dei andre modalitetane (til dømes bilete)?

  • Korleis blir ideologiar, relasjonar og perspektiv konstruerte gjennom grammatikk, ordval, tone, stil og måten ord er kjeda saman på?

  • Reproduserer teksten eksisterande diskursar, eller utfordrar han dei og skaper nye mønster?

  • Det er òg mogleg å inkludere objekt og handlingar i ein diskursanalyse. Kjønnsdelte toalett er til dømes noko som kan sjåast på som ein del av ein kjønnsdiskurs, ved at dei bidreg til å "sortere" menneske etter to kjønn.

Døme – teksten

Ein livsstilsblogg kan vere sett saman av både verbaltekst, bilete og videoar. Kanskje viser bloggen berre kvite, slanke kvinner.

Teksten kan ha ein uformell stil med ordval og omgrep som treffer folk som er opptekne av trening og kosthald. Verbalteksten fortel korleis du bør leve, medan bilete av veltrena og slanke menneske viser korleis du kan sjå ut om du lever akkurat slik. Teksten etablerer ei "sanning" om trening og kosthald.

Ein slik blogg reproduserer i stor grad eksisterande diskursar om livsstil.

Diskursiv praksis

Korleis blir teksten produsert og konsumert (motteken)? Dette nivået handlar om å undersøkje situasjonskonteksten og den tekstuelle konteksten til teksten. Du vel ut kva sider av konteksten du meiner er relevante for tolkinga av denne bestemde teksten:

  • Kva faktorar har påverka korleis teksten har blitt produsert?

  • Kva slags sjanger/sjangrar høyrer teksten til? På kva måte påverkar det korleis teksten blir utforma og tolka?

  • Kven er avsendarar, og kva slags ideologisk ståstad har dei?

  • Kven er mottakarar, og korleis tolkar dei teksten?

  • Kva for andre tekstar må du sjå teksten i samanheng med? Kva er den tekstuelle konteksten? Er han eit motsvar til andre tekstar? Er han i dialog med andre tekstar gjennom ? Peikar denne diskursen på andre diskursar?

Døme – konteksten

Livsstilsbloggen er produsert for å formidle, og ofte òg selje, ein livsstil og produkt du kan bruke for å bli veltrena og vakker.

I bloggsjangeren er det gjerne forventa mange bilete, eit lettlest språk og ikkje for mykje tekst. Mottakaren vil gjerne ha konkrete råd, oppskrifter og rettleiing. Mest sannsynleg vil faste følgjarar ikkje vere så kritisk innstilte til det dei les. Dei forventar ikkje referansar til vitskaplege kjelder.

Slike livsstilsbloggar finst det mange av, og dei liknar ganske mykje på kvarandre. Det finst likevel òg bloggar som er eit motsvar, og som gjerne karikerer dei andre livsstilsbloggane. Ein karikatur kan vere å etterlikne måten bilete er tekne på, men som ein parodi. Ein slik karikatur er ei form for intertekstualitet. Vi ler fordi vi kjenner igjen referansane til andre livsstilsbloggar.

Sjekk ut to heilt ulike livsstilsbloggar:

Tuva Willassen

terjeaa

Sosial praksis

I ein diskursanalyse kommenterer du òg dei samfunnsmessige rammene for teksten – den sosiale og kulturelle konteksten. Kva er forholdet mellom teksten og den sosiale eller kulturelle fellesskapen han er ein del av? Kva diskursar er gjeldande i denne fellesskapen?

  • Kva for sosiale og kulturelle relasjonar og strukturar rammar inn produksjonen og mottakinga av teksten? Her er det relevant å gjere greie for ideologiar, sosiale strukturar og maktrelasjonar som kan påverke måten teksten omtaler verkelegheita på.

  • Er det motsetningar og konfliktar innanfor diskursane som kjem til uttrykk eller blir spegla i teksten? Eller er det heller ei samstemmigheit i måten å sjå verkelegheita på? Kva for verkelegheitsbilete blir avviste av ein slik eventuell eintydigheit?

Døme – sosial og kulturell kontekst

Når du skal beskrive den sosiale og kulturelle konteksten til norske livsstilsbloggar, må du prøve å finne ut kva som kjenneteiknar kulturen tekstane i diskursen tilhøyrer.

Kva ideologiar ligg til grunn for bloggen? Kanskje byggjer han på eit spesielt syn på kosthald. Viss det er ein blogg der kosthaldsråda er å unngå karbohydrat, vil gjerne teksten hevde at det både er det beste, og at det er lett å leve slik. Dette er verkelegheitsbiletet som blir skapt i diskursen om kosthald. Argumenta som blir brukte, er gjerne knytte til ei etablert førestilling om kosthald – ein topos.

Avsendaren kan òg ha ein sterk eller svak posisjon i diskursen. (Her er det nyttig å bruke omgrepet ) Ein avsendar som klarer å byggje opp eit verkelegheitsbilete av sjølve "løysinga" på kva som er den beste livsstilen, og har mange følgjarar, får makt og legg føringar for korleis det skal skrivast om kosthald.

Heilskap – delar – heilskap


I analysen vil du sjå at du må bevege deg frå konteksten til detaljar i teksten – frå heilskap til delar. Det er viktig å vere open for å endre begge to i lys av kva du finn i analysen din. Då må du kanskje tilbake til heilskapen igjen og justere korleis du beskriv denne.

Fairclough seier at ein diskursanalyse skal beskrive, fortolke og forklare (Larsen, 2008). Å beskrive er å gjere greie for teksten og ulike sider ved konteksten. Når du fortolkar og forklarer, handlar det om å sjå delane opp mot heilskapen.

Målet med analysen er å sjå etter korleis tekstar både skaper mønster og blir forma av mønster – diskursar. Det er viktig å danne seg eit bilete på førehand av kva desse mønstera er. Samtidig må du vere open for at det som kjem fram i tekstane gjennom nærlesing, kan vere heilt andre mønster.

Kjelder

Jørgensen, M. W. & Phillips, L. (2013). Diskursanalyse som teori og metode (1. utg., 10. opplag). Roskilde Universitetsforlag.

Larsen, H. (2008). Dialektikken til det diskursive. En analyse av offentlige samtaler om kunst og kultur (side 63–84). Sosiologisk Årbok 2008, nr. 3–4.

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling: Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse (3. utg.). Cappelen Damm Akademisk.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2021

Læringsressursar

Ver kritisk!