Feil kjeldeføring – klarer du å fikse opp?
NB! Vi bruker APA 7 som referansestil i denne ressursen. Vi har teke utgangspunkt i Kildekompasset, men nokre gonger har vi gjort små forenklingar for å tilpasse kjeldeføringa til vidaregåande skule.
Dei elevane som vil bruke Kildekompasset i staden for den forenkla versjonen under, kan gå til nettsida til Kildekompasset.
Sivert har fått i oppgåve av norsklæraren sin, Randi, å skrive ein fagartikkel der han skal samanlikne skrivestilen til Henrik Ibsen og Knut Hamsun. Han er faktisk genuint interessert i litteratur, så han har skrive to svært gode avsnitt som ein start på oppgåva.
Problemet er at Sivert er langt meir interessert i litteratur enn rett oppsett av tekst og rett referering. Han treng derfor hjelp til å få orden på dette.
Jobb i par, og les Siverts tekst. Kor mange feil klarer de å finne?
Både Henrik Ibsen og Knut Hamsun skreiv på 1800-talet. Men mens henrik skreiv drama som peika på problem i samfunnet, er Knut mest kjend for romanane sine om det indre sjelelivet til hovudpersonane sine.
Ibsens mest kjende drama er nok et dukkehjem. Det handlar om Nora som reiser frå Thorvald fordi ho, som ho omtaler ekteskapet, "har levet her som et fattig menneske". Med denne replikken ønskjer Henrik å vise at ekteskapet kunne opplevast som eit fengsel for kvinnene på 1800-talet. Dei fekk ikkje utfalda seg eller brukt ressursane sine. Hamsun, derimot, var ikkje så oppteken av å peike på samfunnsproblem. I artikkelen "det ubevisste sjeleliv" skriv han dette om målet han har for forfattarskapen sin: Hvad om nu Literaturen i det hele taget begyndte at beskæftige sig lidt mere med sjælelige Tilstande, end med Forlovelser og Baller og Landture og Ulykkeshændelser som saadanne? Man maatte da ganske vist give Afkald paa at skrive ”Typer”, – som allesammen er skrevne før, – ”Karakterer”, – som man træffer hver Dag paa Fisketrovet. Og forsaavidt vilde man maaske miste en Del af det Publikum, som læser for at se, om Helten og Heltinden faar hinanden. Men der blev til Gengæld flere individuelle Tilfælder i Bøgerne.
Kjelder
Notat frå timane til favorittlæraren min Randi <3
https://www.ibsen.uio.no/oppg_videregaaende_1.xhtml
Henrik Ibsen: Et dukkehjem
Har de klart å finne alle Siverts feil? I presentasjonen under vil de finne reglar for kjeldeføring. Vi bruker referansestilen APA 7, og vi har brukt Kildekompasset som kjelde.
Etter å ha gått gjennom presentasjonen over er de no forhåpentlegvis meistrar i sitatteknikk og kjeldeføring. Prøv å fikse opp i Siverts tekst slik at han blir heilt rett. Hugs kjeldeliste til slutt!