Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tolking og vurdering av sakprosa

Jonas Bakken forskar på retorikk og sakprosa. I videoen nedanfor fortel han om sakprosa og korleis vi både kan tolke og vurdere tekstane. Han gir også ei innføring i den retoriske situasjonen. Oppgåvene under er knytte til filmen.

Oppgåve 1: Sakprosakvardagen din

  1. Kva slags sakprosatekstar les eller møter du i løpet av ein heilt gjennomsnittleg dag?

  2. Kva bruker du dei ulike sakprosatekstane til?

  3. Plukk ut eit par av dei sakprosatekstane du møter i kvardagen. Stemmer forventningane du har til desse tekstane, med det Jonas Bakken omtaler som "lesekontrakten ved lesing av sakprosa"?

  4. Kan du – ved å bruke Bakkens definisjonar av lesekontraktane ved lesing av sakprosa og skjønnlitteratur – argumentere for om reklame er sakprosa eller ikkje?

Oppgåve 2: Verkelegheitsskildringar i sakprosa

Det er ikkje alltid like lett å oppdage tekstane sine skildringar av eller påstandar om verkelegheita. Nokre gonger kan opplysningar liggje "skjult", som til dømes i denne setninga: "Han har slutta å drikke." Det er tydeleg at det er snakk om ein gut eller mann, og at han har slutta å drikke. Men det krev meir tolking å forstå at "drikke" ikkje betyr å ta til seg væske, men å drikke alkohol. Ein annan ting teksten seier, men som er meir underforstått, er at han pleidde å drikke.

Nedanfor finn du nokre setningar frå ulike sakprosatekstar. Korleis beskriv dei verkelegheita? Diskuter med éin eller fleire medelevar.

  • I dagens verd treng Noreg eit godt forsvar.

  • Kona mi speler badminton.

  • Går det betre på skulen?

Oppgåve 3: Å tolke sakprosa

Del 1

  1. I filmen seier Jonas Bakken at sakprosa må tolkast, og at særleg lover krev mykje tolking.

    • Dersom du tenkjer på sakprosatekstar du møter i kvardagen din, kva synest du krev mest og minst tolking?

    • Kan du tenkje deg kvifor?

  2. Tolk beskjeden "badetøy forbode" i dei to ulike kontekstane nedanfor. Korleis påverkar konteksten tolkinga av beskjeden?

    • restaurant

    • nudiststrand

Del 2

Bruk cirka ti minutt på å tolke utdraget frå sakprosateksten nedanfor for deg sjølv. Som hjelp til tolkinga kan du prøve å svare på spørsmåla nedanfor:

Mine venner er hyklere.
Mine venner er blinde, dumme, ignoranter.
Mine venner later som om de bryr seg, men gir faen, alle som en.
Det går til helvete.
På grunn av mine venner.

  1. Korleis forstår du teksten? Kvifor?

  2. Korleis opplever eller reagerer du på teksten?

  3. Det kjem ikkje klart fram kva teksten eigentleg handlar om.

    • Kva kan teksten handle om?

    • Korleis påverkar dei ulike moglege temaa måten du tolkar teksten på?

  4. Det står ikkje kven som har skrive teksten.

    • Har du forslag til kva slags person som har skrive teksten?

    • Korleis påverkar dei ulike moglege forfattarane måten du tolkar teksten på?

  5. Korleis opplever du personen som har skrive teksten?

  6. Kva trur du forfattaren prøver å oppnå? Finst det fleire moglege alternativ?

Etter at du har jobba med teksten på eiga hand, kan du gå saman med to–tre medelevar og samanlikne tolkingane.

  1. Finn ut kva de tolka likt, og diskuter kvifor de tenkte likt.

  2. Finn ut kva de tolka ulikt, og diskuter kvifor de tenkte ulikt.

  3. Klarer de å bli einige om kva som er den mest sannsynlege tolkinga?

Oppgåve 4: Å vurdere sakprosa

Å vurdere sakprosa handlar i stor grad om å vurdere relevansen og truverdet ved det som blir sagt.

Oppdrag

Søk på "er egg sunt" i ein søkjemotor. Du kan også søkje etter ein annan påstand det verserer mytar om eller er delte meiningar om. Registrer minst fem av søkjetreffa på første side i søkjeresultata i skjemaet nedanfor. Fyll deretter ut skjemaet og vurder kjeldene slik dømet under viser.

Filer

Kjeldevurdering – døme
KjeldeHovudinnhaldRelevans på ein skala frå 0 til 3Kva styrkjer truverdet til kjelda?Kva svekkjer truverdet til kjelda?
nhi.noEgg kan vere usunt i større mengder på grunn av kolesterolinnhaldet.3

Norsk Helseinformatikk: NHI er veletablert, er størst i Noreg på helseinfo, er kunnskaps- og forskingsbasert, kursar legar og helsepersonell, er avgjerdsstøtte for legar og finst også i svensk og tysk utgåve.

Teksten: Informasjonen verkar forskings- og faktabasert. Det blir referert til meir enn eitt forskingsopplegg, faktuma kan etterprøvast, og nettsida har ein eigen knapp for "kvalitetssjekk". Teksten har utsegner frå namngitte personar med relevant fagleg ekspertise, verkar rådgivande heller enn befalande, dreg forsiktige konklusjonar og inneheld ikkje sjokkerande opplysningar eller opplysningar som strir mot det vi allereie veit eller trur.

Norsk Helseinformatikk: NHI er eit privat føretak.

Teksten: Innhaldet er meir enn to år gammalt.

matprat.no
sol.no

Oppgåve 5: Den retoriske situasjonen

Del 1

  1. Kva er den retoriske situasjonen, og kvifor er han nyttig, ifølgje Jonas Bakken?

  2. Kan du komme på éin eller fleire retoriske situasjonar du har vore i i dag eller i går?

    • Når var du "avsendar", og når var du "publikum"?

  3. Vel ein av situasjonane du har vore i, og prøv å beskrive nokre av dei tvingande omstenda i situasjonen. Tvingande omstende kan til dømes vere tidspunktet, tida eller plassen som kunne brukast, den konkrete staden, sjanger og medium, situasjonen, rollene og relasjonane, haldningane og forventningane til personane, tidlegare hendingar og kulturelle normer og forventningar.

Del 2

I filmen eksemplifiserer Jonas Bakken ulike retoriske situasjonar med forslag om klassetur til København. Tenk deg at du har fått i oppgåve å overtyde klassen om at København er eit bra reisemål, og at du i tillegg har ansvaret for å overtyde lærarane seinare. Du har 60 sekund på deg i kvar situasjon.

  1. Formuler det påtrengjande problemet for dei to retoriske situasjonane.

  2. Definer det retoriske publikummet i dei to situasjonane. Gi ei kort skildring av kva det er relevant å vite om dei ulike publikumma.

  3. Gjer greie for moglege tvingande omstende ved dei to situasjonane. Sjå døme i oppgåva ovanfor.

  4. Skriv manus til dei to appellane: eitt for klassen og eitt for lærarane. Hald deg til tida på 60 sekund per appell.

Kjelde

Mjønes, J. B. (2018, 15. oktober). Verden går til helvete. NRK. Henta i april 2022 frå https://www.nrk.no/ytring/verden-gar-til-helvete-1.14244374

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2022

Læringsressursar

Ver kritisk!