Hopp til innhald

Fagstoff

Ytringsfridom

Ytringsfridom er ein grunnleggjande menneskerett som står sterkt i demokratiske land, men kva er eigentleg meint med ytringsfridom? Kvifor er det så viktig?
"Riksforsamlingen på Eidsvoll 1814". Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ytringsfridom?

Ytringsfridom er eit overordna prinsipp i eit velfungerande demokrati og handlar om retten og fridommen til å gi uttrykk for det vi meiner på den måten vi sjølv ønskjer. Retten til frie ytringar er ein føresetnad for at demokratiet vårt skal fungere. Eit demokratisk levesett føreset både at vi får vite det vi vil, og at vi kan seie det vi vil om samfunnet og politiske prioriteringar.

I Noreg er ytringsfridommen nedfelt i Grunnlova § 100 der det mellom anna står følgjande:

Grunnlova, 1814, § 100

Ytringsfridom skal det vere.

Ingen kan haldast rettsleg ansvarleg for å ha motteke eller komme med opplysningar, idear eller bodskapar om det ikkje lèt seg forsvare halde opp imot den grunngjevinga ytringsfridommen har i sanningssøking, demokrati og den frie meiningsdanninga til individet.

I Den europeiske menneskerettskonvensjonen, som også gjeld i Noreg, heiter det dessutan at "alle har rett til ytringsfrihet". Ytringsfridommen er òg beskytta av artikkel 19 i FNs verdsfråsegn om menneskerettar, som blir støtta av heile verda.

Artikkel 19

Artikkel 19. Alle skal ha meinings- og ytringsfridom. Denne retten gjeld fridom til å ha meiningar utan innblanding, til å søkje, ta imot og gjere kjent opplysningar og idear gjennom alle dei informasjonskanalar som finst, og på tvers av alle grenser".

Ytringsfridom og demokrati

I eit demokrati er ytringsfridommen eit såkalla ufråvikeleg prinsipp. Det betyr at ytringsfridommen har ein naturleg plass i landet vårt, og at du ikkje kan bli straffa for å uttrykkje meininga di om noko du er oppteken av. Du skal heller ikkje bli straffa for å ikkje uttrykkje meininga di, om det er det du ønskjer.

Ytringsfridom sikrar at innbyggjarane deltek i samfunnsdebatten, noko som er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati. På den måten kan vi bidra til å skape det samfunnet vi ønskjer og halde dei som har makt ansvarleg viss vi er ueinige i politiske avgjerder.

Pressefridom

Pressefridom inneber at pressa har rett til å drive med informasjon, kritikk og debatt utan sensur. Nyheitsmedium har eit spesielt ansvar for å informere innbyggjarane og for å avsløre maktmisbruk og kritikkverdige forhold hos styresmaktene. Pressefridom er saman med ytringsfridom føresetnader for demokratiet vårt.

Journalistar og fotografar på jobb. Fleire store kamera er stilte inn mot same retninga. Berre øvste del av hovuda til journalistane visast bak kameraa. Foto.

Kva betyr ytringsfridom for deg?

Når du bruker ytringsfridommen din, kan du både uttale deg munnleg, skriftleg og til dømes delta i demonstrasjonar for eller mot noko du er oppteken av, og du kan bruke stemmeretten din til å delta i val. Skriftlege ytringar inneber òg det du skriv på sosiale medium eller i kommentarfelt til ei nettavis.

Ytringsfridommen står sterkt i Noreg, men betyr det at du kan seie kva som helst? Somme former for ytringar er ulovlege, til dømes hatefulle ytringar og ytringar som set fram truslar om vald og andre lovbrot. Slike ytringar kan straffast med bøter eller fengsel. Dette blir kalla formelle normer for ytringsfridom. Hugs at det er ditt ansvar å passe på at du ikkje bryt norsk lov når du bruker ytringsfridommen din.

I tillegg har vi noko som blir kalla uformelle normer for ytringsfridom. Nokre gonger held vi kanskje igjen meiningane våre fordi vi er redde for reaksjonar frå andre. Andre gonger kan det vere klokt å ikkje seie alt vi tenkjer fordi det kan såre andre, sjølv om det er lov. Dette blir kalla for sjølvsensur.

Sensur

Sjølv om ytringsfridom er ein universell rett, er det somme land som set strenge grenser for kva som er tillate å ytre seg om. I land med totalitære regime kan det vere straffbart å kritisere styresmaktene, og det går føre seg sensur og offentleg førehandskontroll av ytringar. Sensur betyr at offentlege styresmakter set grenser for kva det er lov til å publisere og spreie offentleg.

I praksis inneber sensur at ei ytring blir stansa før ho blir sett fram. I eit land med sensur vil ein òg bli straffa i etterkant viss ein har ytra noko ulovleg.

Fråvær av ytringsfridom, sensur: Ansikt med raudt  bind for auga og munnen. Foto.

Tenk etter

  • I kva samanhengar nyttar du deg av ytringsfridommen?

  • Kjenner du til nokon land der ytringsfridommen står svakt?

Animasjonen under gir ei oppsummering av omgrepet yringsfridom:

Kjelder

FNs verdenserklæring om menneskerettigheter. (2020, 21. desember). I FN sambandet. Henta frå https://www.fn.no/om-fn/avtaler/menneskerettigheter/fns-verdenserklaering-om-menneskerettigheter

Grunnlova (1814) (LOV-1814-05-17). Henta frå https://lovdata.no/lov/1814-05-17/§100

Kierulf A., Gisle J. & Elden J.C. (2021, 3. november). Ytringsfrihet. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/ytringsfrihet

Pressefrihet (2021, 10. oktober). I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/pressefrihet

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik, Inga Berntsen Rudi og Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 31.08.2021

Læringsressursar

Propaganda og politisk reklame